Inaktiv

Sykepleier/Vernepleier

Arbeidsgiver
Akutt psykisk helse Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sykepleier/Vernepleier
Frist
14.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vil du vere med på laget vårt?
Akutt psykisk helse Ålesund har ledig eit 100% vikariat som sjukepleiar/vernepleiar i fyrste omgang ut 2024, men med mulighet for forlengelse. For tida på dag/kveld og arbeid kvar tredje helg. Oppstart så snart som mogleg.

Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre består av 5 seksjonar: Lokal Sikkerhetspsykiatri HMR, Utgreiing og Behandling, Akutt psykisk helse, Spesialisert habilitering Sunnmøre og Alderpsykiatri Sunnmøre.
Akutt psykisk helse Ålesund har 12 sengeplassar fordelt på to team, A og B. Stillingen er knytt til team A som i all hovudsak har alle mottaka. Seksjonen tek imot pasientar som treng augeblikkeleg hjelp. Seksjonen tilbyd óg utgreiing og behandling av pasientar med psykiske lidingar som treng døgnopphald. Seksjonen har eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med førstelinetenesta. Vi jobbar tverrfagleg i team som består av psykiaterar, LIS 1 og LIS 3, vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar og helsefagarbeidarar.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
  • Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar
  • Obligatorisk kursing og trening i MAP (Møte med aggresjonsproblematikk)
  • Ansvarsvakt med dei oppgåver og ansvar det inneber
  • Delta aktivt i seksjonen si utvikling
  • Rettleiing (studentar og samarbeidspartar m.m)

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Ønskjeleg med vidareutdanning i psykisk helsearbeid eller anna form for vidareutdanning
  • Erfaring frå akuttpsykiatri er ein fordel
  • Må beherske norsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du er god på samarbeid og kommunikasjon
  • Du er god på å skape allianse med pasientane
  • Du arbeidar sjølvstendig, men kan samstundes fungere godt i samarbeid med andre
  • Du må vere fysisk og mentalt i stand til å handtere utagerande pasientar
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Andreas Trædal, Seksjonsleiar, andreas.traedal@helse-mr.no

Arbeidsstad

Ålesund sjukehus

6026 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4803996551

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.06.2024

Søknadsfrist: 14.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Ålesund sjukehus, 6026 Ålesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
350835436
Sist endret
30. apr. 2024 07:41