Inaktiv

Vil du vere ein superhelt og hjelpe ungdom med å kome i utdanning eller jobb? 

Arbeidsgiver
Ungdomsavdelinga til NAV Askøy søker rettleiar
Stillingstittel
Rådgjevar
Frist
15.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ungdomsavdelinga på NAV Askøy har ledig 100% stilling som rettleiar med oppstart hausten 2024. I denne avdelinga vil du få spennande og meningsfylte arbeidsoppgåver knytt til det viktigaste samfunnsoppdraget vi har. Ungdom er ei av dei gruppene som treng oss mest. Ønsker du å arbeide med ungdom mellom 16 og 30 år som treng rettleiing og oppfølging frå NAV for å kome i utdanning eller i jobb? Er du fleksibel, god til å motivere, har engasjement og ønsker å gjere ein positiv forskjell for ungdom? Trivst du i ein hektisk kvardag med stor variasjon i arbeidsoppgåvene? Då kan du vere personen vi er ute etter!

NAV Askøy held til på Kleppestø. Vi er om lag 70 tilsette på kontoret og vi samarbeider tett med NAV Øygarden som saman med oss utgjer Region Vest i NAV Vestland. Kontoret vårt ligg sentralt til og det tar 12 min sjøvegen med båt frå Bergen sentrum. Med bil eller buss køyrer ein køfritt frå Bergen til Askøy. Kontoret er under ombygging og i 2025 vil vi flytte inn i heilt nye lokale på Kleppestø senter med aktivitetsbaserte arbeidsplassar.

Vi på Nav Askøy har som mål å hjelpe dei som treng oss mest. Hjelpa frå oss er godt fagleg forankra og rettleiarane våre har eit genuint ønske om å gjere ein forskjell for dei vi følger opp. I søknadsteksten ber vi deg reflektere over kva erfaringar du har som er viktige i oppfølging av ungdom hos NAV.



Arbeidsoppgåver

  • Individuell oppfølging av ungdom. Det vil sei kartlegging, rettleiing og motiveringsarbeid med fokus på den enkelte ungdom sin kompetanse og mulighet til å kome i arbeid, utdanning eller arbeidsretta aktivitet
  • Drift av gruppetiltak
  • Vurdere tiltak i samråd med ungdom for å nå målet om arbeid eller utdanning
  • Samarbeide med interne og eksterne aktørar
  • Leie møter og legge til rette for gode prosessar for ungdom saman med samarbeidspartar
  • Følge opp den enkelte arbeidsgjevar og ungdom på arbeidsplassen
  • Sakshandsaming etter lov om folketrygd, lov om arbeids- og velferdsforvaltning, tiltaksforskrifta og anna relevant lovverk
  • Bruk av digitale verktøy og fagsystem

Det kan komme endringar i arbeidsoppgåvene.

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule/universitet. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • erfaring frå rettleiing og/eller motiveringsarbeid
  • erfaring med oppfølging av menneske i utanforskap eller tilsvarande situasjonar

Det er ønskeleg at du har:

  • kjennskap til NAV sine tenester, offentleg forvaltning og juridisk forståing
  • kunnskap om utdanningssystemet og arbeidsmarknaden

Vi ser etter deg som

  • Er strukturert, resultatorientert og systematisk i din arbeidskvardag og i oppfølging av ungdom
  • Er robust og har evne til å jobbe tett på ungdom som er i ein krevjande livssituasjon
  • Er kreativ og greier å tenke utenfor boksen
  • Har evne til å bygge relasjonar og nettverk
  • Har evne til å kommunisere tydeleg og sette grenser
  • Er ein god lagspelar og positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet

Vi tilbyr

  • Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
  • Eit godt arbeidsmiljø med aktive og engasjerte kollegaer
  • Fleksibel arbeidstid og trening i arbeidstida (ein time i veka)
  • Tilsetting i stillingskode 1434 rådgjevar med lønnsspenn frå kr. 575 400 til kr. 615 700 per år (tilsvarande ltr. 59 - 63). For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
  • God pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse (frå løna blir det trekt 2%)

Kontaktinformasjon

Waqas Younis, Avdelingsleiar, 483 57 587, waqas.younis@nav.no

Helga Torgersen, NAV leiar, 408 06 185, helga.b.torgersen@nav.no

Arbeidsstad

Gamle Kleppestøvegen 2

5300 Kleppestø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: NAV



Referansenr.: 4804916581

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 15.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Gamle Kleppestøvegen 2, 5300 Kleppestø
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Konsulent, Saksbehandler
FINN-kode
350830767
Sist endret
30. apr. 2024 12:39