Sjukepleiar natt

Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar natt
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Tysnes omsorgssenter ligg i nye, fine lokaler, i eit moderne bygg som stod ferdig i 2017. Me er oppteken av pasientnært arbeid, og Hospital IT er eit av hjelpemidlane som gjev oss meir kvalitetstid med bebuarane.

Tysnes omsorgssenter består av 30 institusjonsplassar, plassar til korttids- og rehabiliteringsopphald og dagsenter for personar med demens. Me har óg ein KAD-plass der det vert gitt tilbod om augeblikkeleg hjelp som alternativ til innlegging på sjukehus.

Heimetenesta er lokalisert i samme bygg, og me har eit tett samarbeid for å sikre gode tenester og eit heilskapleg pasientforløp.

Me har ei stabil og faglig trygg gruppe tilsette med eit godt samhald. Her kan du lese meir om kva me verdsetter i arbeidsmiljøet her hos oss.

Me søkjer no etter ein ny kollega, med autorisasjon som sjukepleiar, til fast 66 % stilling på natt.

På natt er omsorgssenteret bemanna med tre våkne nattevakter som har rullerande annsvar for heimebuande brukarar.

For andre stillingar sjå www.tysnes.kommune.no/ledigestillingar



Arbeidsoppgåver

  • Heilskapleg ansvar for pleie- og omsorg relatert til bebuarane.
  • Sjukepleiarfaglege oppgåver og vurderingar.
  • Bistand til bebuarar på omsorgssenteret og til heimebuande brukarar.
  • Følgje opp pleieplanar og prosedyrar.
  • Dokumentasjon i CosDoc.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar.
  • Vernepleiar kan også verta vurdert for stillinga.
  • Førarkort kl. B.
  • Relevant erfaring og kjennskap med brukargruppa er eit ønskje.
  • Tverrfagleg forståing - saman yt me best teneste.
  • Gode grunnleggjande datakunnskap.
  • God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.
  • Kjennskap til journalsystemet CosDoc vil vera ein fordel.
  • Godkjent politiattest må leggast fram ved tilsetjing.

Personlege eigenskapar

  • Profesjonell tilnærming til arbeidet og evne til å anvende kunnskap i praksis.
  • Engasjert, ansvarsfull og arbeidar målretta med pasientintervensjonar og oppfølging av desse.
  • Tillitsfull, fleksibel, initiativrik og oppteken av å bidra til godt pasientarbeid og arbeidsmiljø.
  • Trivast med utfordringar, er løysingsfokusert og oppteken av godt samarbeid.
  • Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.

Me tilbyr

  • Stillingsstorleik: 66 % natt med arbeid kvar 3.helg.
  • Høgt fagleg nivå i personalgruppa.
  • Løn etter kvalifikasjoner.
  • Lokal kompensasjon for arbeid på natt.
  • Bonussystem for dei som tek ekstra arbeidstid, helg.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
  • Høve for flyttegodtgjerdsel ved fast tilsetjing.
  • Ein arbeidsplass som har eit inkluderande arbeidsliv.

Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Helga Nilsen Boland, Einingsleiar Tysnes omsorgssenter, 95 17 68 46

Kristine Trane, Kommunalsjef helse og omsorg, 90 04 15 61

Arbeidssted

Uggdalsdalen

5685 Tysnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Tysnes kommune



Referansenr.: 4807601697

Stillingsprosent: 66%

Fast

Søknadsfrist: 02.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Uggdalsdalen, 5685 Uggdal
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
350828780
Sist endret
29. apr. 2024 01:08