Inaktiv

Vil du vere sommar og/eller ekstrahjelp ved Vågå bibliotek?

Arbeidsgiver
Vågå Bibliotek
Stillingstittel
Bibliotekassistent
Frist
06.05.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Vi ser etter ein eller to personar som deler vår kjærleik for litteratur, er imøtekomande og likar å jobbe med menneske i alle aldrar. Biblioteket er ein viktig sosial møteplass i bygda vår. Vi har eit populært gamingrom og eit utstyrslager der alle besøkande kan låna gratis turutstyr. Om du er ein person med interesse for menneske, litteratur, gaming og teknologi, er dette den perfekte jobben for deg.


Vi ynskjer at du er over 18 år, men yngre søkjarar kan vurderast. Vi treng nokon som kan ta vaktar så snart som mogleg. I tillegg treng vi nokon som kan arbeide inntil 80 prosent i sommarmånadene. Du kan søkje på båe stillingane, eller berre på stillinga som ekstrahjelp eller stillinga som sommarhjelp. Noko laurdagsjobbing må påreknast.


Arbeidsoppgåver:


  • Hjelpe til med utlån og innlevering av bøker
  • Hjelpe besøkande med å finne litteratur og bruke biblioteket, samt rettleie i bruk av dei digitale tenestene våre.
  • Bidra til å halde biblioteket ryddig og organisert
  • Handtere utlån frå utstyrslageret
  • Organisere besøk på gamingrommet



Kvalifikasjonar:


  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Engelskkunnskapar er ein fordel
  • Interesse for litteratur
  • Interesse for gaming er eit pluss
  • Serviceinnstilt og gode kommunikasjonsevner
  • Grunnleggjande datakunnskap. Vilje til å setta seg inn i nye datasystem
  • Tole noko stress og tidvis hektiske periodar

Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato. Politiattest skal ikkje leggast ved i sjølve søknaden.


Søknadsfrist: 6. mai 2024


Spørsmål om stillinga kan rettast til:


Biblioteksjef: Kai Robin Flesvik Nilsen


Telefon: 46 28 29 32


E-post: kai.nilsen@vaga.kommune.no


Tenesteleiar kultur: :


Kjersti Frackmann Strass


Telefon: 97 06 89 31


E-post: kjersti.strass@vaga.kommune.no


Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema . Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no, desse er unnateke offentlegheit.


Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.


Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Stillingsfunksjon
Annet, Kundeservice, Butikkansatt
FINN-kode
350825568
Sist endret
30. apr. 2024 06:22