Inaktiv

Lærar ved Selje skule

Arbeidsgiver
Selje skule, Stad kommune
Stillingstittel
Vikariat som lærar ved Selje skule
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Har du lyst til å bli ein del av teamet på Selje skule? Då må du ta kontakt!

Vi har ledige vikariat som lærar frå 01.08.2024 til 31.07.2025, med mogelegheit for fast tilsetjing.

Selje skule er ein 1-10 skule, som ligg i Selje sentrum. Skulen vil skuleåret 2024-2025 ha ca. 140 elevar. Vi er opptekne av at alle elevane ved skulen skal trivast og tilhøyre fellesskapet. Dei tilsette er positive til utvikling og arbeider tett saman i team i eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.

Fagønskje: Grunnskulelærar 5-10 / allmennlærar.

Meir informasjon om Selje skule finn du på nettstaden www.stad.kommune.no.



Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere opplæringa
  • Leie læringsarbeid ved å legge til rette for praktiske og varierte læringsaktivitetar i klasse og gruppe
  • Arbeide systematisk og målretta med grunnleggande ferdigheiter i alle fag
  • Bidra i skulen sitt arbeid med å skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø
  • Samarbeid med føresette og ev andre samarbeidspartar
  • Delta og bidra i samarbeid med kollegaer

Kvalifikasjonar

  • Godkjent utdanning som grunnskulelærar 1-7 og 5 -10 eller faglærar.
  • Vi ser etter deg som likar å jobbe med barn og unge, som har god relasjonskompetanse og evne til å skape trygge og føreseielege dagar for elevane
  • Du som har blikk for den einskilde, men også for det som må til for fellesskapet for å skape eit trygt og godt læringsmiljø for elevane.
  • Vi søkjer lærar med blant anna kompetanse i musikk og kunst og handverk. Andre kvalifiserte søkjarar med anna relevant høgskuleutdanning kan også bli vurdert.

Personlege eigenskapar

  • Du har god relasjonskompetanse
  • Du kan leie grupper og klasser på ein god og inkluderande måte
  • Du har god fagleg kompetanse, er fleksibel og løysingsorientert
  • Du har gode samarbeidsevner og vilje til å arbeide i team
  • Du arbeider sjølvstendig og systematisk
  • Du har god vurderingsevne og god rolleforståing
  • Du har gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du kan vise til stabilitet over tid
  • Du oppgir relevante referansar

Vi tilbyr

  • Godt lærings- og arbeidsmiljø
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høve til fagleg utvikling

Vi ber om at søkjarane lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden, samt oppgir undervisningsrelevant referanse av ny dato.

Stad kommune har seks månader prøvetid. Den som blir tilsett, må leggje fram politiattest av nyare dato.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

For meir informasjon om stillinga kan du ta direkte kontakt med rektor Ellen Rundereim.

Kontaktinformasjon

Ellen Rundereim, rektor Selje skule, 91 71 81 53, ellen.rundereim@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Fv618 169

6740 Selje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune



Referansenr.: 4804411948

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 12.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Fv618 169, 6740 Selje
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
350820446
Sist endret
30. apr. 2024 06:23