Inaktiv

Sjukepleiarar og helsefagarbeidarar

Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost Volda
Stillingstittel
Sjukepleiar/Helsefagarbeidar
Frist
14.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Medisinsk sengepost er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggjelege og engasjerte kollegaer. Vi samarbeider tverrfagleg med tydleg fokus på best mogleg pasientbehandling og omsorg. Sengeposten tek imot pasientar med eit stort spekter av diagnosar og er ein arbeidsplass som gir god breidde i kompetanse og erfaringar for deg som sjukepleiar.

Vi har ledige faste stillingar og vikariat i 100% stilling for sjukepleiarar og helsefagarbeidarar.

Andre stilingsstorleikar kan bli ledige som følgje av interne rokkeringar.

Du finn Volda midt i det beste Noreg kan by på av fjell og fjord. Her kan du oppleve dei ville og vakre sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Her er også eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit attraktivt studiemiljø ved Høgskulen i Volda. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Oslo og Bergen frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her: https://www.youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY og her: https://www.youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY

Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.



Arbeidsoppgåver

  • Delta i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/helsefagarbeidar
  • Erfaring frå arbeid i sjukehus og kjennskap til fagområda er ein fordel
  • Gode norske språkkunnskapar skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Ansvarsbevisst
  • Medverke til eit godt arbeidsmiljø
  • Gode samarbeidseigenskapar

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Camilla Aam Nupen, Seksjonsleiar, 47617905

Arbeidssted

Kløvertunvegen 1

6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4807404020

Stillingsprosent: 100%

Fast, Vikariat

Søknadsfrist: 14.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Kløvertunvegen 1, 6100 Volda
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
350803423
Sist endret
30. apr. 2024 06:01