Inaktiv

NAV Sunnfjord søker etter

Arbeidsgiver
Sunnfjord kommune NAV
Stillingstittel
Rettleiar
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Har du trua på at rettleiing og oppfølging kan bidra til betre livskvalitet for den enkelte? Brenn du for å hjelpe menneske i utfordrande livssituasjonar?

Vi søker deg som har pågangsmot, god rettleiingsevne og ønskjer å gjere ein forskjell i andre sine liv.

Sunnfjord kommune har 22 000 innbyggarar og NAV-kontoret i Sunnfjord kommune er regionkontor for NAV region Sunnfjord med omlag 50 tilsette. Kontoret er organisert i fire avdelingar med eigen avdelingsleiar. Ønsker du å gjere ein forskjell i folk sine liv? Har du trua på at alle menneske som vil kan komme i arbeid? Trivast du med sakshandsaming og å finne gode løysingar i samhandling med menneske i krevande situasjonar? Då kan du vere den du vi søker etter.

Vi har ledig:
  • 100 % vikariat i perioda 01.06.2024 - 30.06.2025 ved avdeling for sosiale tenest

Arbeidsoppgåver:
  • sakshandsaming og oppfølging, for tida flyktningar frå m.a. Ukraina
  • kartlegge den enkelte sine moglegheiter og ressursar, med mål om arbeid
  • vurdere tiltak som kan føre til arbeid, avklare behov, rettleie, motivere og legge til rette for å hjelpe den enkelte til å bli sjølvhjelpen
  • samhandling med interne og eksterne samarbeidspartar
  • rettleie, informere og sakshandsame etter gjeldande regelverk. Arbeid etter lov om sosiale tenester i NAV vil stå sentralt, men andre arbeidsoppgåver kan og vere aktuelle
  • rettleie og bidra til at innbyggar kan nytte NAV sine digitale tenester og digital informasjon

Vi tek atterhald om endring i arbeid- og ansvarsområde. Du må rekne med å utføre dei oppgåvene som til ei kvar tid er naudsynte for at kontoret og regionen skal imøtekomme brukarane sine behov.

Kvalifikasjonar:
  • utdanning på bachelor-nivå innanfor relevant fagområde. Sosialfagleg utdanning er ønskeleg, men anna utdanning /erfaring kan også vere aktuell. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne(minimum B2).
  • gode digital kompetanse

Det er ønskeleg at du har:
  • erfaring med arbeid etter sosialtenestelova
  • erfaring med å koordinere tenester og arbeide heilskapleg
  • erfaring med arbeidsretta oppfølging og/eller rettleiing
  • erfaring med arbeid med flyktningar
  • Kjennskap til NAV sin inkluderingskompetanse og/eller SE/IPS metodikken

Vi søker deg som:
  • har pågangsmot
  • god på motivasjons- og endringsarbeid med menneske og verdset brukarmedverknad
  • har gode samarbeidsevner, er positiv, tydeleg og løysingsorientert
  • er strukturert og arbeider med god kvalitet i saksbehandlinga
  • tek ansvar for eiga utvikling og medverkar til utvikling av andre sin kompetanse i kontoret

personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr:
  • travelt på morgonen? Startar fotballtreninga til poden kl.16? Vi har fleksitid
  • føler du deg litt slapp? I NAV kan du trene i arbeidstida
  • er du redd for å bli utdatert? Her får du kurs og kompetanseheving, så slepp du uroe deg for det
  • eit sosialt arbeidsmiljø med engasjerte kollegar kor arbeidsmiljø verdsetjast høgt
  • stor fleksibilitet og påverknad på din eigen arbeidsdag
  • rettleiing og fagleg oppfølging
  • meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver i engasjerte tverrfaglege team
  • eit miljø for å skape gode tenester for innbyggjarane i Sunnfjord kommune
  • tilsetting i Sunnfjord kommune med løn etter gjeldande kommunale løns og pensjonsvilkår
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning

Du søker elektronisk.

Velkommen som søkar!

Magne Kjetil Berg, NAV-leiar, 992 41 911 / Magne.Kjetil.Berg@nav.no

Kjersti Erichsen, assisterande einingsleiar, 996 36 451 Kjersti.Erichsen@nav.no


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Hafstadvegen 40 B, 6800 Førde
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Omsorg og sosialt arbeid, Konsulent
FINN-kode
350779544
Sist endret
29. apr. 2024 12:26