Miljøarbeidar  - Stend Vgs

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Miljøarbeidar
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Stend vidaregåande skule har om lag 540 elevar innan Naturbruk, Idrettsfag, Sal service og reiseliv, Allmennfagleg påbygging og Klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 180 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet.
Skulen har ledig ein fast stilling og eit vikariat som miljøarbeidar på tilrettelagd opplæring i stillingsstorleik ca 85%

Arbeidsoppgåver

Stend vidaregåande skule har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan Yrkesfagleg grunnutdanning, Arbeidstrening og Kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak. Desse stillingane vil i all hovudsak ha arbeidsoppgåvene sine knytt til individuelle elevar.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter ein personar med miljøfagleg kompetanse retta mot ungdom med lære- og åtferdsvanskar.
Personane må ha interesse for, og høg motivasjon for å drive miljøarbeid med elevar med samansette vanskar, utviklingshemming og utagerande åtferd.
Det er også ønskjeleg med kunnskapar og praktiske ferdigheiter innan naturbruk

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter utåtvende og samarbeidsvillige personar som kan jobbe i team, og utføre sjølvstendig arbeid i tråd med pedagogiske planar.
Vi ønskjer personar som har kompetanse og erfaring frå arbeid med ungdom, og som er god til å byggje relasjonar til elevane, men samstundes kan stå i vanskelege situasjonar over tid.
Å vere personleg eigna er særs viktig i dei utlyste stillingane

Vi tilbyr

Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Stend er ein arbeidsplass med med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.

Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort

Kontaktinformasjon

Frode Skudal, avdelingsleiar, 95968765

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4794276241

Stillingsprosent: 84,68%

Vikar, Fast

Startdato: 01.08.2024

Sluttdato: 07.03.2025

Søknadsfrist: 12.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Fanavegen 249, 5244 Fana
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet
FINN-kode
350343143
Sist endret
29. apr. 2024 06:25