Vinstra vidaregåande skule - Barne- og ungdomsarbeidar (midlertidig)

Arbeidsgiver
Innlandet fylkeskommune Vinstra vidaregåande skule
Frist
14.05.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Beskrivelse

Vinstra vidaregåande skule lyser ut inntil 100% midlertidig stilling som barne- og ungdomsarbeidar, med oppstart 01.08.2024.

Vi søkjer deg som

  • er omsorgsfull og glad i ungdom
  • er motivert og lærevillig
  • er punktleg og påliteleg
  • er engasjert og omgjengeleg
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • liker å jobbe med ungdom med særlege omsorgsbehov

Vi tilbyr

  • ein arbeidsplass med mottoet: Gode forbilder former framtida
  • lønn etter gjeldande avtaleverk
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Om stillinga

  • inntil 100% midlertidig stilling barne- og ungdomsarbeidar
  • stillinga følgjer skuleåret og lønna er derfor redusert med 11% (89%)
  • første arbeidsdag er 12.august 2024

Arbeidsoppgåver

  • jobbe med bistand og støtte i opplæring
  • oppgåver knytta til enkeltelvar, gruppe og klasse
  • skal bidra til å sikre eit trygt læringsmiljø

Ønskte kvalifikasjoner

  • fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • god orden og åtferd
  • gode digitale ferdigheiter

Søknad

Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.

Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.

Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.

Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å motta søknaden din.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Gamle Skåbuvegen 10, 2640 Vinstra
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
350332347
Sist endret
26. apr. 2024 11:53