Barnehagelærar 40-60%

Arbeidsgiver
Breiflabben Barnehage As
Stillingstittel
Barnehagelærer
Frist
15.05.2024

Beskrivelse

Kven er me?


Me verdset dei små og gode møtene - kvardagsmagien som oppstår når ein engasjert vaksen møter nyfikne barn i vill og variert natur. Dei minste av oss møter naturen på eigne tilrettelagde premisser: Barfot i mosen, ei svaiande hengekøye i skogen og plasking i strandkanten - saman med vaksne som formidlar ro og kjærleik i store monn. Dei største syklar langt av gårde, klatrar i dei høgaste trea, drar på fisketur og opplever vaksne som løftar dei opp og fram!


Me tilbyr:


  • eit godt arbeidsmiljø der alle kjenner alle
  • friheit til å påverke eigen arbeidsdag
  • nødvendige midlar til utviklingsarbeid på avdelinga
  • medlem av pbl og føl deira tariff og penjonsordningar

Me er meir enn summen av våre deler. Me vil byggje eit team som arbeidar saman og løftar kvarandre mot felles mål. Me har ambisjonar langt utover den gemene barnehage: I alt me gjer siktar me mot stjernene. Natur, rørsle og meistring i trygge omgivnadar skal prege all vår drift - er du den som fasiliterer dette?


Kven er du?


Du vil ut og opp! Du trur at ting går an og du veit at barn kan! Du seier ja! Om du helst vil arbeide med små eller store barn betyr ikkje så mykje for oss, me lager rom for den rette! Det er nemleg ikkje slik at me trur me kan finne den som passer perfekt inn i vår visjon - men me tur me kan finne deg som gjer vår visjon litt betre!


Me har ledig ei 40-60% stilling som barnehagelærar hos oss. Me er på jakt etter deg som:


  • har masse kjærleik å gi og er ein trygg og god vaksen for barna
  • er trygg i rolla som pedagog
  • er brennande opptatt av å setje barns beste først
  • er god til å samarbeide og gir positiv energi til dei rundt deg
  • kan arbeida sjølvstendig
  • er fleksibel
  • meiner at barn har det beste ute
  • kan tenkje utover avdelinga og på heilskapen i barnehagen
  • er vasstett, kan lage mat på bålet og tar utfordringar på strak arm

Ynskje vårt er at me skal opplevast som ei forlenging av heimen, og at her skal det være trygt og godt for alle barn å kome. Du skal helst ikkje ta med jobben heim, men du MÅ ta deg sjølv med på jobb!


Arbeidsoppgåver


  • leie det pedagogiske arbeidet på avdelinga i tråd med barnehagens visjonar og i samsvar med gjeldane lovar og forskrifter i lag med pedagogisk leiar
  • medansvarleg for planlegging, gjennomføring, dokumentering, og utviklingsarbeid på di avdeling og i barnehagen
  • sørgje for godt foreldresamarbeid, leie foreldremøter og foreldresamtalar.
  • delta i og leie barnehagens satsing på natur, friluftsliv og fysisk aktivitet
Sektor
Privat
Sted
Åsen 75, 5440 Mosterhamn
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehageassistent
FINN-kode
350329754
Sist endret
26. apr. 2024 11:55