Helgestilling ved Nordliheimen

Arbeidsgiver
Austrheim kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar, pleiemedhjelpar
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledige helgestillingar med arbeid kvar 4 helg

Har du lyst til å arbeide som helsefagarbeidar eller pleiemedhjelpar ved Nordliheimen sjukeheim? Me har ledig helgestilling med langvakter 12,5 timar/døgn kvar 4 helg, 17-25% fast stillilng.

Nordliheimen er ein kommunal sjukeheim med 28 døgnplassar, fordelt på langtids - og korttidsplassar, med ei skjerma eining for bebuarar som lever med demens og rom til ØHD. Her finn du ein gjevande arbeidsplass med faglege utfordringar, i eit godt læringsmiljø. Som helsefagarbeidar ved Nordliheimen blir du del av eit tverrfagleg team, som er opptatt av kvalitet og fagutvikling. Det tverrfaglege samarbeidet er godt forankra som eit ledd i helse -og omsorgstenesta sitt arbeid med kvalitetsforbetring.


Arbeidsoppgaver
  • Pasientretta arbeid knytt til pleie og omsorgsoppgåver til pasientar på Nordliheimen sjukeheim
  • Samarbeide med pasient og pårørande.
  • Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk
  • Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling
  • Vidareutvikle digitalisering av tenestene og utvikling av velferdsteknologi i kommunen

Kvalifikasjonskrav
  • Norsk godkjent autorisasjon som helsefagarbeidar, men ufaglærte er også velkomne til å søkje.
  • Interesse for arbeid med eldre og pleietrengande
  • Du må meistre digitale løysingar og ha evne til å lære nye dataprogram ved behov
  • Du må meistre norsk skriftleg og munnleg godt
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
  • Ynskjeleg at du er over 18 år
  • Gyldig politiattest

Vi tilbyr
  • Nytilsettopplæring og oppfølging
  • Ein arbeidsplass med fokus på fagutvikling i eit lærerikt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
  • Konkurransedyktig løn
  • God pensjonsordning

Spørsmål om stillingen
  • Anne Berge Brattetaule, einingsleiar 56 16 20 40/ 945 06 752

Sektor
Offentlig
Sted
Sætremarka 2, 5943 Austrheim
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
350328174
Sist endret
29. apr. 2024 05:50