Inaktiv

Politifullmektig/Politiadvokat

Arbeidsgiver
Felles eining for påtale - Seksjon for påtale - Sunnmøre, Møre og Romsdal politi
Stillingstittel
Politifullmektig/Politiadvokat
Frist
10.05.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Vi har ledig 1-2 midlertidige stillingar som politifullmektig/politiadvokat i Ålesund. Varigheit frå og med 01.08.2024 til og med 31.12.2024.

Vi ønskjer ein fagleg dyktig, motivert og fleksibel medarbeidar med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, som kan arbeide sjølvstendig og i høgt tempo.

Felles eining for påtale er samansett av fire seksjonar, tre påtaleseksjonar (Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre) og ein seksjon for administrative støttefunksjonar. Seksjon for påtale Sunnmøre er stadsplassert i Ålesund.

Felles eining for påtale har eit overordna ansvar for etterforsking, påtale og iretteføring av straffesaker i politidistriktet. Eininga har fagansvar for straffesaksbehandling og skal sikre høg kvalitet gjennom ei forsvarleg og effektiv forvalting av den samla straffesaksportefølja i distriktet. Eininga har ansvar for å sjå til at gjeldande regelverk som straffeprosesslova, påtaleinstruksen, Riksadvokatens mål og prioriteringar og andre direktiv for straffesaksarbeidet blir etterlevde, og at omsynet til objektivitet og rettstryggleik blir ivaretatt i alle stadie av straffesaksbehandlinga.

Arbeidsoppgåver

  • Påtaleansvarleg i tildelte saker
  • Håndtering av eigen portefølje
  • Utføre aktorat for tingrett og lagmannsrett
  • Utføre jourteneste etter tenesteplan
  • Lede, avgrense, setje mål for og følgje opp framdrift i etterforskinga
  • Sørge for godt og effektivt samarbeid med både interne og eksterne aktørar
  • Kontakt med media
  • Kan av leiar påleggjast andre oppgåver

Kvalifikasjonar

Nødvendige

  • Juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap
  • For å bli vurdert som politiadvokat er det som hovudregel krav om utvida påtalekompetanse

Ønska

  • Erfaring frå politi/påtalearbeid eller tilsvarande relevant juridisk arbeid

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å kunne handtere stor arbeidsbelastning og høgt tempo
  • Effektiv og beslutningsdyktig
  • Systematisk, målretta og løysingsorientert
  • Evne til sjølvstendig arbeid
  • Gode kommunikasjons og samarbeidsevner
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Det vil bli lagt vekt på personlige eigenskapar, motivasjon, egnethet i stillinga og ei hensiktsmessig sammensetjing av seksjonen.

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattforma her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet i framtida
  • Stillinga blir løna som politifullmektig stillingskode 0288 eller politiadvokat stillingskode 1245
  • Brutto årsløn for politifullmektig frå kr 584 500 til kr 679 700, for politiadvokat, frå kr 679 700 til kr 777 900.
    Høgare lønn kan vurderast for særskilt kvalifiserte søkjarar
  • Endeleg lønnsplassering er avhengig av erfaring, kvalifikasjonar og ansiennitet
  • Stillinga er i dag omfatta av særavtale om arbeidstidsbestemmelser (ATB) for påtalejuristar, og kompenserast for tida med kr 40.707 per år
  • Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP. Du kan ha rett til økonomisk støtte om du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte om du døyr, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsettgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk
  • Møre og Romsdal politidistrikt er knytt til bedriftshelseteneste

Kontaktinformasjon

Guri Falck Kristensen, 70118700

Arbeidssted

Nedre Strandgate 50
6005 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Møre og Romsdal politidistrikt

Referansenr.: 4804514796
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.08.2024
Sluttdato: 31.12.2024
Søknadsfrist: 10.05.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund
Stillingsfunksjon
Jurist, Annet
FINN-kode
350315419
Sist endret
26. apr. 2024 12:14