Krokedalen barnehage SA søkjer dagleg leiar

Arbeidsgiver
Krokedalen barnehage SA
Stillingstittel
Daglig leder
Frist
09.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Krokedalen barnehage har ledig stilling som dagleg leiar i 100% fast stilling frå 01.08.2024.




Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar


  • Søkjar må ha relevant høgare utdanning, minimum bachelorgrad
  • Styrarutdanning- og erfaring er ønskjeleg
  • Erfaring med pedagogisk arbeid
  • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner. Nynorsk vert nytta i skriftleg kommunikasjon.
  • God økonomisk og digital kompetanse

Personlege eigenskapar


  • Tydeleg og nærverande leiar som er synleg tilstades i kvardagen i barnehagen
  • Kan arbeide sjølvstendig og likar stort handlingsrom
  • Lyttande, løysingsorientert og har evne til gjennomføring
  • Trivst med varierte arbeidsdagar og nye utfordringar
  • God barnehagefagleg kompetanse og evne til å leie endrings- og utviklingsarbeid i barnehagen



Arbeidsoppgaver

Ansvarsoppgåver


  • Pedagogisk, administrativ og økonomisk leiing av barnehagen
  • Vere personalleiar og følge opp den daglege drifta av barnehagen
  • Rekruttere, rettleie og sikre god kompetanseutvikling blant dei tilsette
  • Samarbeide og ha god dialog med tilsette, foreldre, styret og andre instansar/samarbeidspartar
  • Samarbeide med kommune og vere oppdatert på vedtak og pålegg relevant for barnehageng vere oppdatert på vedtak og pålegg relevant for barnehagen



Vi tilbyr

Vi kan tilby:


  • Moglegheit til å vere med å vidareutvikle barnehagen
  • Moglegheit for vidareutdanning etter avtale
  • Eit godt og trygt fagmiljø
  • Godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter avtale
  • Opplæring

Gyldig politiattest etter Barnehagelova § 30 må leverast før ein tek til i stillinga.


Søkjarane vert vurdert ut i frå ei samla vurdering av formelle kvalifikasjonar, røynsle frå tilsvarande arbeid og personlege eigenskapar.


Referansar vert nytta og aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.


Om du trur at du kan trivast og gjere ein god jobb som dagleg leiar i Krokedalen barnehage, vil vi gjerne høyre frå deg. Søknad og CV sender du til: krokedalen@orstabarnehagen.no


Har du spørsmål om stillinga?


Ta kontakt med dagleg leiar Linda Engjaberg, tlf 97790657 eller styreleiar Ruth Eva Sollie tlf 98059751


Søknadsfrist: 2.mai 2024.

Sektor
Privat
Sted
Engesetvegen 36, 6153 Ørsta
Stillingsfunksjon
Ledelse, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
350295093
Sist endret
26. apr. 2024 08:19