Sakshandsamar i barnevernstenesta

Arbeidsgiver
Barnevern, Stad kommune
Stillingstittel
Sakshandsamar i barnevernstenesta
Frist
26.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stad kommune har frå 01.09.2024 ledig 100% fast stilling som sakshandsamar i barnevernstenesta. Kontor- og oppmøtestad er på Stad rådhus, Nordfjordeid.

Barnevernstenesta er ein del av kommunalområdet oppvekst. Vi har felles barnevernsvakt med Gloppen og Stryn kommunar.

Som tilsett i barnevernstenesta vil du bli del av eit godt og stabilt fagmiljø som er opptekne av høg fagleg standard.



Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming etter lov om barnevern (barnevernslova).
  • Vi er inndelt i tre team; melding, undersøking og hjelpetiltak, omsorg utanfor heimen og miljøterapeutar.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgskule-/universitetsutdanning, minimum tre år
  • Vilje til å ta vidareutdanning i tråd med lovkrav i barnevernslova § 15-6 dersom det er nødvendig
  • Gyldig politiattest skal leggjast fram før start i stillinga, jamfør barnevernslova § 12-11 første ledd
  • Førarkort klasse B og høve til å disponere eigen bil
  • Gode språkkunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Gode datakunnskapar
  • Personleg eignaheit

Personlege eigenskapar

Som sakshandsamar i barnevernstenesta er det viktig at du

  • har gode evner til munnleg og skriftleg framstilling
  • er tydeleg
  • kan jobbe både sjølvstendig og i team
  • har evne til å trygge og ta i vare partar, samarbeidsinstansar og kollegaer
  • har gode samarbeidsevner og kan leie samtalar og møter
  • har stor arbeidskapasitet og kan prioritere mellom arbeidsoppgåver
  • kan arbeide planmessig og strukturert
  • har kjennskap til relevante lover og regelverk, god systemforståing og kan samarbeide tverrfagleg
  • held deg fagleg oppdatert
  • likar og toler høgt arbeidstempo
  • har evne til å reflektere over eigen praksis
  • er fleksibel
  • aktivt bidrar til eit trygt og godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Moglegheit for vidareutdanning i tråd med lovkrav knytt til arbeid i barnevernstenesta, jamfør barnevernslova § 15-6.
  • Ekstern rettleiing.
  • Eininga disponerer eigen bil.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk og moglegheit for kompetansetillegg.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Flyttegodtgjersle.

Vi ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga. Vi ber også om at søkjarar opplyser om relevante referansar av nyare dato.

Stad kommune har 6 månader prøvetid.

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Kontaktinformasjon

Britt Remme, Einingsleiar barnevern, +47 95 07 88 76, Britt.remme@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Rådhusvegen 11

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune



Referansenr.: 4797259301

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 26.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog, Omsorg og sosialt arbeid, Sosionom
FINN-kode
350294093
Sist endret
26. apr. 2024 10:01