Institusjonslege

Arbeidsgiver
Tenesteområde lege, fysioterapi og ergoterapi, Haram kommune
Stillingstittel
Sjukeheimslege
Frist
19.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Haram kommune har ledig ei 100 % fast stilling som institusjonslege.

Me søker deg som ønsker å vera med på å utvikla institusjonstenesta med plassar tilrettelagt for personar med demens, somatiske langtidsplassar og korttidsplassar. Haram kommune har to omsorgssenter plassert sentralt i Brattvåg og Eidet.

Institusjonstenesta i Haram er no under omstilling, der ein skal tilpasse driftsnivå for ny kommune. Tenesta har Haram omsorgsenter med 16 korttids- og 24 langtidsplasser og Eidet omsorgsenter med 10 korttids- og 33 langtidsplasser/heildøgnsbemanna omsorgsbustader.

For å sette kommunen i stand til å møte framtidas behov for institusjonstenester er vi avhengig av ein engasjert og tydeleg institusjonslege som vil vere med på å skape gode tenester til bebuarane våre i tett samarbeid med sjukepleietenesta vår.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi skal ha særleg fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggjarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommunen er å tilby god kvalitet og behandling til den enkelte innbyggjar som søkjer om tenester.



Arbeidsoppgåver

  • Undersøking, diagnostikk, behandling og oppfølging av pasientane
  • Medisinskfaglig ansvar på institusjon
  • Rettleier for LIS legar
  • Kontakt og dialog med pårørende
  • Bidra i internundervisning
  • Du må ha meistringsperspektivet i fokus, og dessutan skapa føreseielegheit, tryggleik og struktur gjennom målretta arbeid i tråd med strategien til kommunen.
  • Du vil vera ein viktig samarbeidspartnar og støttespelar for tilsette i avdelingane med informasjon og kommunikasjon med pasientar og pårørande
  • Du må vera ein støttespelar ved utvikling av institusjonstenesta, slik at me saman kan stå rusta til å møta framtidige utfordringar som kommunehelsetenesta står overfor.

Kvalifikasjonar

  • Autorisert lege, fortrinnsvis spesialist i allmennmedisin, geriatri eller tilsvarande
  • Interesse for feltet sjukeheimsmedisin
  • Erfaring med behandling av demenssjukdom
  • Erfaring med lindrande og palliativ behandling
  • Ønskelig med kjennskap til kommunal sektor og drift
  • Gode datakunnskapar
  • God framstillingsevne, skriftleg og munnleg
  • Gode norskkunnskapar
  • Bidra til utvikling av kommunens helse- og omsorgstjeneste

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Fleksibel, kreativ, engasjert og selvstendig
  • Ansvarsbevisst, med fokus på medisinsk behandling som gir god livskvalitet
  • Helse- og omsorg er ei teneste i stadig omstilling og endring. Det er derfor viktig at den som blir tilsett er fleksibel i forhold til endringar i arbeidsoppgåver, samarbeidspartnarar og organisatorisk plassering.


Personleg egnethet blir vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit triveleg og hektisk arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar
  • Utfordrande oppgåver i ein organisasjon som skal byggjast, med stort potensial og kompetente kollegaer.
  • Arbeidstid på dagtid, inga vaktordning
  • Lønns- og arbeidsvilkår etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksitid

Kontaktinformasjon

Espen Ervik, Tenesteleiar lege, fysioterapi og ergoterapi, +4741007299, espen.ervik@haram.kommune.no

Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar , 46866467, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no

Frode Bøe Hatlelid, Kommunalsjef, 92243788, frode.boe.hatlelid@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Strandgata 40

6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune



Referansenr.: 4802408022

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 19.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Strandgata 40, 6270 Brattvåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Lege
FINN-kode
350292550
Sist endret
26. apr. 2024 09:50