Inaktiv

Sjukepleiar/3- årig helsefagleg bachelorutdanning med vidareutdanning i psykisk helsearbeid

Arbeidsgiver
Poliklinikk psykisk helse DPS Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sukepleiar/3- årig helsefagleg bachelorutdanning med vidareutdanning i psykisk helsearbeid
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søker kollega som er interessert og engasjert i pasientar som slit med samtidig rus- og psykisk liding. Stillinga er ved ROP-teamet ved Poliklinikk psykisk helse Molde DPS. Stillinga er ledig frå 1. juli

Klinikk for psykisk helse og rus er samansett av 5 avdelingar med til saman 27 seksjonar. Poliklinikk psykisk helse DPS Molde ligg under Avdeling for Distriktspsykiatrisk senter — DPS Nordmøre og Romsdal.
Poliklinikken er delt i fleire ulike team: To allmennteam, Gruppeteam, ROP team, fylkesdekkande spesialpoliklinikk for DBT og OCD, eit 4 - dagars team (B4DT), Ambulant akutteam, FACT og eit merkantilt team
.
Poliklinikken har 50 fagstillingar; overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, psykomotorisk fysioterapeut, spesialergoterapeut, psykiatriske sjukepleiarar og kliniske sosionomar.

Molde er rosene, jazzen og kulturen sin by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturr, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skular, barnehagar og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og også internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféar og spisestadar. Les meir om Molde og Romsdalen her: https://www.fjordnorway.com/no/destinasjoner/molde

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.



Arbeidsoppgåver

  • Arbeide sjølvstendig med utgreiing og behandling for menneske med samtidig rus- og psykisk liding, under rettleiing av, og i samarbeid med, tverrfagleg ROP team
  • Tverrfagleg samarbeid internt, i forhold til dei ulike teama og i poliklinikk, samt eksternt i forhold til aktuelle samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

Tre-årig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag med relevant vidareutdanning
Erfaring frå arbeid med pasientar med samtidig rus- og psykisk liding
Erfaring frå ulike delar i spesialisthelsetenesta er ønskeleg

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert i arbeid med målgruppa
  • Du likar og meistrar ein aktiv arbeidskvardag, med mykje sjølvstendig arbeid
  • Du er samarbeidsorientert og ein god medspelar for kollegaene dine
  • Du er fleksibel og har gode relasjonsferdigheiter
  • Du er strukturert, ryddig og dokumenterer arbeidet ditt
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Eit inkludarende og kunnskapsrikt kollegafellesskap med stort engasjement for målgruppa
  • Gode moglegheiter for fagleg påfyll, deltaking i kompetansegrupper på tvers av team, individuell rettleiing
  • Arbeidstid på dagtid, med fleksitid og fri på helg
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Tonje Sæter, Seksjonsleiar, Tonje.Seter@helse-mr.no

Arbeidsstad

Parkvegen 84

6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4802861663

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 12.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Parkvegen 84, 6412 Molde
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
350290596
Sist endret
26. apr. 2024 09:44