Inaktiv

Koordinator særskilt tilpassa opplæring

Arbeidsgiver
FLO - FLORA VGS, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Koordinator særskilt tilpassa opplæring
Frist
06.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Flora vidaregåande skule ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag. Vi er om lag 90 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for både ungdom og vaksne. Meir informasjon om skulen finn du på flora.vgs.no.

Frå august 2024 har vi ei ledig stilling med opplærings- og koordineringsoppgåver knytt til særskilt tilpassa opplæring. Til stillinga ligg det både opplæring og eit koordineringsansvar for praktisk og fagleg gjennomføring for ei gruppe med elevar med særleg tilpassa opplæring. Søknadsfrist: 06.05.24

Arbeidsoppgåver

Arbeidet er knytt til opplæring og organisering for elevar med særlege tilretteleggingsbehov. Saman med andre lærarar og fagarbeidarar skal ein leggje til rette for og delta i gjennomføringa av både dagleglivstrening og opplæring i fag. Organiseringa kan være både individuelt og i gruppe. Til stillinga ligg det eit koordineringsansvar for praktisk og fagleg gjennomføring for dei tilsette som arbeider med elevgruppa.

Sentrale arbeidsoppgåver er:
Samarbeide med personalgruppa om å skape ein skulekvardag med læring, trivsel og utvikling for elevar med samansette utfordringar.
Samarbeide med eksterne faginstansar og gi innspel til skulen si ressursdisponering innan tilrettelagt opplæring.
Planlegge og gjennomføre opplæring i tilrettelagt gruppe.
Utarbeide individuelt tilpassa planar for kvar elev.
Ha kontaktlæraroppgåver for elevane i gruppa.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer ein fagperson som har høgskule- eller universitetsutdanning innan relevante fagområde som kan bidra i planlegging og gjennomføring av spesialundervisning og dagleglivstrening. Tilleggskompetanse eller erfaring innan praktiske eller estetiske fag kan vere ein føremon.

Personlege eigenskapar

Kunnskap/erfaring frå arbeid med menneske med nedsett funksjonsevne og evne til å bidra til ny læring uansett utgangspunkt. Ha eit fokus på inkluderande aktivitet og legge til rette for at elevar med ulike føresetnadar kan oppleve fellesskap.
Du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og vere fleksibel, løysingsorientert og lojal i ein travel kvardag. Som ein fagperson med koordineringsansvar må du både vere med å planlegge og følge opp andre sine arbeidsoppgåver, så vel som å følge opp dine eigne oppgåver.

Vi tilbyr

Løn etter avtale og gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Merk at alle stillingar ved skulen vert utlyst med atterhald om at utlyst tilbod vert igangsett. Dette vert avklart før tilsetting. Søknadsfrist 06.05.24.

For meir informasjon om stillinga kontakt avdelingsleiar Ingunn Selås 41 53 06 79 eller rektor Knut Chr. Clausen 41 53 06 84.

Kontaktinformasjon

Knut Christian Clausen, rektor , 41530684

Arbeidsstad

Professor Gjeldsviksv 22

6900 FLORØ

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4806081866

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 06.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Professor Gjeldsviksv 22, 6900 Florø
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Rådgivning
FINN-kode
350290595
Sist endret
26. apr. 2024 08:47