Barne- og ungdomsarbeidar ved Flatraket barnehage

Arbeidsgiver
Flatraket barnehage, Stad kommune
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar ved Flatraket barnehage
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vil du vere med på å gi barn ein god start på livet?

Flatraket barnehage har ledig 100 % vikariat som fagarbeidar frå 15.08.2024 til 14.08.2025.

Flatraket barnehage ligg sentralt på Flatraket med gangavstand til skule, eldretun flyktningsbustad , butikk, industri, gard, fotballbane og ein nydelig natur med både skog og fjøre. Vi har og ein eigen liten grønnsakshage ved siden av barnehagen. Vi har eit nært samarbeid med skulen, særskilt siste året før barnet byrjar på skulen.

Flatraket barnehage har 2 avdelingar, 1 småbarnsavdeling med barn frå 1-3 år og 1 storbarnsavdeling med born frå 3-5 år. Det er omlag 30 born og 9 tilsette i barnehagen.

Flatraket barnehage ynskjer å være en barnehage der alle barn og vaksne skal trivast og utvikle seg

  • Vi ynskjer å skape en god og trygg kvardag for barn, foreldre og tilsette.
  • Vi ynskjer å møte det einskilte barnet og familien med openheit og respekt.
  • Vi ynskjer at kvardagane skal vere prega av glede og humor.

Målet vårt er å saman med foreldra gi barna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.



Arbeidsoppgåver

  • Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
  • Dagleg oppfølging av barna
  • Legge til rette for leik som gir læring og utvikling for barna
  • Delta og bidra i samarbeid med kollegaer og føresette

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • Ufaglærte med praksis og motivasjon til å ta fagbrev kan og søkje

Personlege eigenskapar

  • Du har gode evner til kommunikasjon på norsk, både munnleg og skriftleg
  • Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og kan jobbe sjølvstendig
  • Du har evne til å sjå det enkelte barnet
  • Du har evne til å handtere ei stor barnegruppe
  • Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell
  • Du er løysningsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig.
  • Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunn

Vi tilbyr

  • Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • Godt arbeidsmiljø
  • Godt og nært fagleg samarbeid
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar. Informasjon om pensjons- og forsikringsordningane til Stad kommune finn du her.

Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden.
Vi ønskjer at du oppgir referansar av nyare dato.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Har du spørsmål om barnehagane kan du ta kontakt med styrar Helena Gangeskar Fure, tlf. 91 18 71 36.

Kontaktinformasjon

Helena Fure, styrar Flatraket barnehage, 911 87 136, helena.fure@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Fv618 220

6717 Flatraket

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune



Referansenr.: 4802519424

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 12.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Fv618 220, 6717 Flatraket
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Barnehageassistent
FINN-kode
350242171
Sist endret
26. apr. 2024 06:36