Inaktiv

Vil du vere med på å styrke ungdomssatsinga vår? 

Arbeidsgiver
NAV Osterøy har ledig stilling som rådgivar
Stillingstittel
Rådgivar
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Har du lyst til å rettleie personar som av ulike helseårsaker treng støtte på vegen til utdanning eller arbeidslivet? Trivs du med å motivere og har du trua på at alle menneske har talent og moglegheiter som arbeidslivet treng? Då treng vi deg i NAV!

NAV Osterøy, som er ein del av NAV region Nordhordland, har ledig ei fast statleg stilling som rettleiar som skal følge opp ungdomar med helseutfordringar. Du bør trivast med å samarbeide tverrfagleg og utadretta mellom anna med bedrifter, tiltaksarrangørar, helsevesenet og utdanningsinstitusjonar.

Arbeidsstaden blir på NAV Osterøy, men du vil få arbeidsoppgåver for heile region Nordhordland. Regionen består av 8 kommunar og NAV har kontor i Solund, Masfjorden og i Alver. Arbeidsdagar på det næraste nabokontoret, NAV Alver, kan også verte aktuelt. Vi ser etter deg som har lyst til å vere ei god støtte for ungdom og bidra til at arbeidslivet får tilgang til framtidas arbeidskraft.

I søknadsteksten ber vi deg reflektera over og skrive noko om kva som motiverer deg til å støtte ungdom til utdanning og arbeid.



Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsretta oppfølging av ungdom med helseutfordringar som treng støtte for å komme i arbeid og utdanning
  • Motivere og rettleie for arbeid og aktivitet
  • Vurdere arbeidsmoglegheiter og systematisk støtte ungdomen
  • Finne moglegheiter i lokalt og regionalt arbeidsliv i lag med ungdomane du følger opp

Endring i oppgåver og ansvar må kunne påreknast.

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule/universitet, fortrinnsvis innan helse/sosialfag eller samfunnsvitenskapleg fag. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning
  • erfaring med oppfølging av ungdom i utanforskap eller tilsvarande
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • digital kompetanse til å handtere fagsystem og kommunikasjonsverktøy
  • førerkort klasse B

Det er ein fordel om du har:

  • rettleingskompetanse
  • erfaring med tverrfagleg samarbeid

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter deg som er sjølvstendig, strukturert og lærevillig
  • Du kan kommunisere med menneske i krevjande livssituasjonar
  • Du har gode samarbeidsevner og evne til å skape tillit og motivere
  • Du er løysningsorientert og har pågangsmot

Og ikkje minst må du ha godt humør og vere ein viktig bidragsyter til det gode arbeidsmiljøet i NAV region Nordhordland.

Vi tilbyr

  • Meiningsfylte oppgåver i kontakt med mange kjekke ungdomar, arbeids- og næringsliv, mange samarbeidspartnarar
  • God opplæring og rettleiing
  • Eit aktivt, utviklande og engasjerande arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid, heimekontorløysing og mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Tilsetjing på statlege vilkår som rådgjevar i stillingskode 1434 med lønsspenn frå kr. 548 600 – 584 500 (tilsvarande ltr. 56 - 60). For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
  • Gode pensjonsordninger gjennom Statens pensjonskasse

Kontaktinformasjon

Vigleik Kalland, Nav leiar, 45390505, Vigleik.kalland@nav.no

Arbeidsstad

Geitaryggen 8

5282 Lonevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: NAV



Referansenr.: 4802703756

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 12.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Konsulent, Saksbehandler
FINN-kode
350202301
Sist endret
26. apr. 2024 06:16