Inaktiv

Sjukepleier/Helsesekretær

Arbeidsgiver
Laboratoriet Odda, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Sjukepleier/Helsesekretær
Frist
05.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ønskjer du ein kjekk og variert arbeidsdag? Då kan dette vere den rette arbeidsplassen for deg!

Laboratoriet i Odda er ein del av avdelinga for laboratoriemedisin i Helse Fonna, og vi treng å styrkja bemanninga på dagtid. Laboratoriet har døgnkontinuerlig drift, men denne stillinga inngår ikkje i turnusordninga. Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak bestå av blodprøvetaking av inneliggande og polikliniske pasientar, i tillegg til tapping av blodgivarar.


Vi er ein samansveisa gjeng som likar å ha det kjekt på jobb, og vi ser fram til å få ein ekstra person med på laget.

Høyrest dette interessant ut? Ta kontakt for ein uformell prat eller send inn ein søknad!

Odda ligg i Sørfjorden i Hardanger og er kjend som eit av dei vakraste områda i Noreg. Du finn fotturar i alle kategoriar - Trolltunga er berre eitt eksempel på kva Odda si natur kan tilby. For den som ønskjer andre utfordringar finn du blant anna brevandring, kajakkpadling, sykkelturar, fruktgårdar, museum og festivalar.



Arbeidsoppgåver

  • Blodprøvetaking av inneliggande og polikliniske pasienter
  • Tapping av blodgivere
  • Bruk av enkle pasientnære instrumenter
  • Andre oppgåver etter opplæring

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleier eller helsesekretær med norsk autorisasjon
  • Beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Er nøyaktig og kan jobba effektivt og systematisk

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er sjølvstendig, ansvarsbevisst, fleksibel og serviceinnstilt
  • har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
  • bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Randi Djønne, Funksjonsleiar, +47 53651123, randi.djonne@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4802146674

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 05.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsesekretær, Annet
FINN-kode
350199952
Sist endret
26. apr. 2024 06:11