Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver
Luster kommune Gaupne omsorgssenter
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stillingsinformasjon:

  • Det er ledig 2 x 100 % fast stilling som helsefagarbeidar ved Gaupne omsorgssenter
  • Tilsette ved Gaupne omsorgssenter yter tenester til omsorgsplassar, heimebuande i Gaupne og Jostedal og korttidsavdelinga. Stillingane er for tida på omsorgsplass og i heimetenesta, med 3 delt turnus og 4.kvar helg

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar i alle einingar
  • Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar sine behov
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
  • Ansvar for jounalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande utifrå retningslinjer
  • Rettleia og følgje opp elevar og lærlingar
  • Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar:

  • Offentleg godkjend helsefagarbeidar
  • Førarkort kl B
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg

Me legg vekt på:

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig og løsningsorientert
  • Personlege eigenskapar
  • Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg

Me kan tilby:

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla

Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Øyagata 17, 6868 Gaupne
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
350190942
Sist endret
25. apr. 2024 01:25