Vi søkjer engasjerte og dyktige barnehagelærarar til vår nyoppstarta montessoribarnehage

Arbeidsgiver
Hildre Montessoribarnehage
Stillingstittel
Barnehagelærer
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Frå og med 01.08.24 vert det starta opp montessoribarnehage på Hildre. Vi søker difor etter 3 barnehagelærarar.


Hildre Montessoribarnehage er ein nyoppstarta barnehage som følgjer Maria Montessori sine pedagogiske prinsipp. Barnehagen ligg i eit område med mykje fin natur og tilhøva ligg til rette for at ein kan bruke det omkringliggande miljøet aktivt i kvardagen. Dette vil bli den første montessoribarnehagen på Sunnmøre. Her vil du bli ein del av eit større montessorimiljø gjennom Hildre Montessoriskule, i tillegg til eit engasjert lokalmiljø med stor iver for sin lokale barnehage.


Om stillinga


  • 3x 100% fast stilling som barnehagelærar frå og med 1. august

· Søknadsfrist 19.05.2024


Arbeidsoppgåver


  • Fagleg/pedagogisk leiing og drift av avdeling
  • Rettleiing og støtte av det øvrige personalet i det pedagogiske arbeidet
  • Utarbeide og gjennomføre årsplan i samarbeid med medarbeidarar og styrar
  • Legge til rette for godt samarbeid med føresette
  • Vere ein pådrivar i utviklingsarbeid i barnehagen

Kvalifikasjonar


  • Godkjend barnehagelærarutdanning
  • Erfaring innan montessoribarnehage, eventuelt interesse og nysgjerrigheit for montessoripedagogikk

Personlege eigenskapar


  • Du er fleksibel, løysingsorientert og har eit ønske om å yte litt ekstra for ein nyoppstarta barnehage
  • Du har gode samarbeidsevner, er open, inkluderande, skaper tillit og engasjement
  • Du har gode kommunikasjonsevner i møte med både barn, foreldre og kollegaer.
  • Du er strukturert, målretta og har gjennomføringsevne
  • Du har god nynorsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr


  • 100% fast stilling
  • Lønn etter gjeldande tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Utfordrande og spennande oppgåver
  • Eit miljø med engasjerte kollegaer, føresette og barnehageeigarar
  • Høve til å bli del av eit større montessorimiljø på Hildre
  • Høve for utdanning innan montessoripedagogikk

Det krevjast godkjend politiattest for arbeid i barnehagen.


For spørsmål og søknad ta kontakt med:


Steffen André Kråkenes (dagleg leiar) på 91 19 13 34 og e-post: steffen.krakenes@hildreskule.no


Søknadsfrist: snarast

Sektor
Privat
Antall stillinger
3
Sted
Hildredalsvegen 40, 6272 Hildre
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer
FINN-kode
350185294
Sist endret
19. mai 2024 11:34