Inaktiv

Reinhaldoperatør

Arbeidsgiver
Husøkonomi avdeling, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Reinhaldoperatør
Frist
09.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du vår nye reinhaldoperatør?

Avdeling for husøkonomi består av reinhald, sengesentral og tekstilforsyning. Avdelinga har 43 medarbeidarar, i tillegg til vikarar. Det er ein inkluderande gjeng frå 13 ulike nasjonalitetar.

Det blir reingjort ca. 87 000 m2 6 dagar i veka. Stillinga inngår i en 4 vekers turnus med arbeid dag, 1 veke kveld og kvar fjerde laurdag.

Arbeidsoppgåver

  • Sykehusreinhald og påfyll av forbruksvarar
  • Periodiske reinhaldsoppgåver og møbelrens
  • Maskinreinhald og vedlikehald av maskinar
  • Smittereinhald etter angitt prosedyre
  • Utføre reinhald og eigenkontroll etter NS Insta 800
  • Bruk av digital reinhaldsplan da CleanPilot blir tatt i bruk i nær framtid
  • Andre arbeidsoppgåver som fell inn under avdeling for husøkonomi sitt ansvarsområde

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev i reinhaldsoperatørfaget
  • Lang erfaring frå reinhald på helseinstitusjon kan bli kompensert for utdanningskravet. Arbeidsgjevar vil leggje til rette for at den ansatte kan gå opp til fagprøven innan rimeleg tid. Dette vil regulerast i ein arbeidsavtale
  • Kunnskap om smittereinhald vil bli vektlagt
  • Erfaring med periodisk reinhald og vedlikehald av maskinar er ein fordel
  • Søkjar bør kunne utføre reinhald etter kvalitetsprofilane til NS Insta 800
  • Grunnleggjande IKT kompetanse
  • Det stillast krav om gode norskkunnskaper, både skriftleg og muntleg – minimum bestått norskkurs B1
    Arbeidsspråket er norsk, herunder arbeidsinstruks
  • Søkjar må kunne kommunisera med brukarar og ansatte på sykehuset, samt kunne betjene vakttelefon. Den som blir ansatt må kunne lese og forstå teknisk informasjon, datablad og arbeidsprosedyrar.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • arbeider både sjølvstendig og i team
  • er positiv, åpen og sosial
  • har god arbeidskapasitet
  • er fleksibel

Vi tilbyr

  • Opplæring etter gjeldande standardar
  • Mogleghet for personleg og fagleg utvikling
  • God pensjonsordning, 2% pensjonstrekk. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Godt arbeidsmiljø i ein variert og travel arbeidskvardag

Mangfoldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Jarle Reinertsen, Avdelingsleiar

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4804578393

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 09.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Stillingsfunksjon
Renhold, Annet
FINN-kode
350183381
Sist endret
25. apr. 2024 01:05