Jaktar du meiningsfullt og kjekt arbeid?

Arbeidsgiver
Kviteseid Kommune Lundenjordet
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Frist
10.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Lundenjordet er eit bufellesskap for menneske med funksjonsvariasjonar i alderen 18 – 90 år. Det består av 13 faste bustadar og ein avlastningsbustad fordelt på 4 bygg. Avlastningsbustaden er til born i alderen 3 – 18 år. Vi har vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar, miljøarbeidarar og assistentar tilsett hjå oss. Lundenjordet ligg midt i smørauget av Kviteseid og har ein fantastisk utsikt til vakre Sundkilen. Det er gåavstand til butikkar, brygga, arbeidsplass og dagsenter for mange av bebuarane.




Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar:


• Fagbrev som helsefagarbeidar/norsk autorisasjon som hjelpepleiar


• Ynskje om relevant vidareutdanning retta mot menneske med utviklingshemming Ynskje om erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming


• Førarkort kl. B


• God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne


Personlege eigenskapar:


• Ha gode kommunikasjons og samarbeidsevner


• Evne til å ta ansvar, vere sjølvstendig og trygg i tenesterolla


• Være fleksibel, strukturert og løysingsorientert


• Halde deg fagleg oppdatert


• Kreativ og glad i aktivitet Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.


Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.




Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver:


• Praktisk bistand, opplæring og rettleiing til bebuarar i samsvar med vedtak, lovverk og tiltak


• Skape ein føreseieleg og trygg kvardag for bebuarane


• Rettleiing, undervisning og informasjon til lærlingar, studentar og pårørande Dokumentere i fagsystem


• Primær-/sekundæransvar for ein eller fleire bebuarar


• Tverrfagleg samarbeid




Vi tilbyr

Meiningsfullt og kjekt arbeid i eig godt arbeidsmiljø med supre brukarar.

Antall stillinger
3
Sted
Kviteseidgata 13, 3850 Kviteseid
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
350166826
Sist endret
25. apr. 2024 08:59