Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Kirurgisk sengepost Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Kirurgisk og ortopedisk sengepost er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer og med tydleg fokus på best mogleg pasientbehandling. Vi har i hovudsak kirurgiske-, ortopediske-, men også gynekologiske pasientar.
Vi samarbeider for at pasientane skal få ei god oppleving av opphaldet på sjukehuset. Det er ein arbeidsplass med høgt tempo, mange varierte og spennande utfordringar for rett person. Sengeposten har mange ulike diagnosetyper og er ein fin arbeidsplass som gir breidde i erfaringar for deg som sjukepleiar. Vi har fleire prosjekt med fokus på pasientsikkerheit, simulering og pasientflyt.

Vi har ledige vikariat 100% stilling i perioden 01.08.2024-30.04.2025.

Andre stillingsprosentar kan bli ledige som følgje av interne rokkeringar.

Du finn Volda midt i det beste Noreg kan by på av fjell og fjord. Her kan du oppleve dei ville og vakre sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Her er også eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit attraktivt studiemiljø ved Høgskulen i Volda. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Oslo og Bergen frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her: https://www.youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY og her: https://www.youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY

Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.



Arbeidsoppgåver

  • 3-delt turnus inkludert nattevakter
  • Arbeid gjennomsnittleg kvar 3. helg
  • Pre- og postoperativ sjukepleie til planlagde og akutte operasjonar
  • Planlegge og utføre ulike sjukepleieprosedyrer
  • Sjukepleie til akutt og kronisk sjuke
  • Sjukepleie til palliative pasientar
  • Samhandling med kommunane

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst
  • Personlege eigenskapar og fagleg engasjement vert vektlagt
  • Må trivast med høg aktivitet i arbeidet
  • Vilje og evne til samarbeid med ulike yrkesgrupper
  • Medverke til å oppretthalde eit godt psykososialt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Aina Torine Rangsæter, Seksjonsleiar, +47 70058389

Arbeidssted

Kløvertunvegen 1

6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4805080659

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 12.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Kløvertunvegen 1, 6100 Volda
Stillingsfunksjon
Sykepleier
FINN-kode
350166433
Sist endret
25. apr. 2024 08:56