Sjukepleiar 75 % fast stilling

Arbeidsgiver
Heimetenestene, Sykkylven kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar 75 % fast stilling
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Heimetenestene har ledig 75% fast stilling som sjukepleiar. For tida er denne stillinga ved Heimetenestene avd. distrikt. Stillinga er i 2-delt turnus med arbeid kvar tredje helg.

Vi er ein super gjeng som er fagleg engasjerte og stolte av arbeidsplassen vår! Vi søkjer ein sjukepleiar som brenn for fagleg utvikling og kvalitet i arbeidet. Du må vere sjølvstendig men ha gode samarbeidsevner, samt ta utfordringar på strak arm. Fag og samarbeid er viktig i avdelinga. Vi nyttar fagdatasystemet Visma Profil til all dokumentasjon rundt pasientane, og turnusprogrammet Visma Ressurs for turnusplanlegging og timelister



Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, prioritere og gje god sjukepleie til pasientar
  • Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis
  • Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid
  • Bidra til eit godt samarbeid med pasientar og pårørande

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar.
  • Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya
  • Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
  • Evne til å halde seg fagleg oppdatert
  • Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Vere strukturert og løysingsorientert
  • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Vise fagleg engasjement
  • Motivert og serviceinnstilt
  • Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP (hyperlenke)
  • Rekrutteringstillegg til nytilsette

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.

Kontaktinformasjon

Wenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218 , wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 16

6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune



Referansenr.: 4805541682

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 12.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Haugneset 16, 6230 Sykkylven
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
350155569
Sist endret
25. apr. 2024 08:37