Spesialsjukepleiar til 100% stilling ved Kompleks rehabilitering (KRS) Sandviken

Arbeidsgiver
Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar til 100% stilling ved Kompleks rehabilitering (KRS) Sandviken
Frist
19.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kompleks rehabilitering Sandviken (KRS) har ledig 100% stilling for spesialsjukepleiar.

Seksjon kompleks rehabilitering Sandviken (KRS) er ein seksjon for rehabilitering av personar med psykoseliding med kompliserande tilstandar. Den nye seksjonen har p.t. 8 døgnplassar og er organisert i to grupper. Den eine gruppa skal gjev tilbod til personar som har kombinasjon av psykose og psykisk utviklingshemming eller utviklings-forstyrring, den andre gruppa psykoseliding med kompliserande tilstandar. Seksjonen driv rehabilitering til bustad og dagleglivets aktivitetar og utfordringar i eit samarbeid med innsøkande instansar og dei kommunale tenestene.

Vi jobbar i tverrfaglege team beståande av vernepleiarar, sjukepleiarar,
hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist. Vernepleiar/sjukepleiar i KRS har medansvar, saman med resten av personalgruppa for å utvikle miljøterapi og saman med resten av leiinga etablere eit godt fungerande samarbeid med aktuelle instansar.



Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapeutisk arbeid/postmiljø
  • Teamarbeid
  • Observere og dokumentere
  • Ansvarsvakt
  • Administrere medisinsk behandling
  • Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grensar for kvar enkelt pasient
  • Praktiske oppgåver
  • Oppfølging av pasientar med fokus på aktivisering og daglege gjeremål

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar med relevant vidareutdanning innan psykisk helsearbeid
  • Relevant erfaring med pasientgruppa
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg godt

Personlege eigenskapar

  • Løysingsorientert, sjølvstendig og målretta
  • Strukturert
  • Pasientorientert
  • Ha respekt for kvar enkelt pasient og pårørande
  • Ha evne til å arbeide tverrfagleg og i team
  • Trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Etterspør rettleiing

Vi tilbyr

  • Å delta i eit spennande og fagleg miljø, der folk trivast på jobb
  • Fadderordning
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Susanne Karlsen, Seksjonsleiar, 55958630, susanne.karlsen@helse-bergen.no

Silje Madeleine Mihle Hop, Assisterande seksjonsleiar, 55958878

Arbeidsstad

Hatleveien 7D

5038 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4805041703

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 19.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Hatleveien 7D, 5038 Bergen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
350062417
Sist endret
24. apr. 2024 04:04