50% stilling som assisterande styrar / saksbehandlar i Eitrheimsvågen barnehage

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Eitrheimsvågen barnehage
Frist
31.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Fast 50% stilling som assisterende styrar/saksbehandlar fra 01.08.2024

Eitrheimsvågen barnehage

Eitrheimsvågen barnehage har 96 plassar fordelt på 5 avdelingar. Barnehagen ligg på Eitrheim i Odda og har fine naturområder i nærleiken som barnehagen kan nytta seg av. Vi har og eit stort uteareal til leik og flotte aktivitetar.

Barnehagen jobbar med å skape eit inkluderande barnehagemiljø. Vi ynskjer å laga trygge kvardagar for små og store gjennom relasjonsbygging i dei daglege aktivitetane og skapa gode rom for leik og vennskap.



Arbeidsoppgåver:

Som assisterende styrar/saksbehandlar har du ansvar for

  • Support for leiar i merkantile oppgaver

  • Å planleggja, tilretteleggja, gjennomføra, vurdera og dokumentera det pedagogiske og praktiske arbeidet i barnehagen i samsvar med gjeldande lovverk

  • væra ein pådrivar til eit godt arbeidsmiljø

  • Å leggja til rette for eit godt personalsamarbeid.

  • Å vurdera barnehagen sine samla ressursar; som medarbeidarens kvalifikasjonar, tid ein har til disposisjon, barnehagens fysiske rammebetingelsar og barnegruppas forutsetningar.

  • Væra ein pådrivar i organisering, registrering av fråvær og anskaffelse av vikar

  • Ha gode data kunnskaper, som å arbeida i Google systemer og Visma

Kvalifikasjonar

  • Fordel med kjennskap til kontorarbeid og barnehageoppgåver, andre søkarar kan og bli vurdert om dei har relevant erfaring, og viser interesse for arbeidet.

  • Evne til å jobba målretta, sjølvstendig og systematisk

  • Digitale kunnskaper

  • Personlege eigenskapar- og interesse for arbeidet vert sterkt vektlagt.

  • Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon

Personlege eigenskaper:

  • Evne til å sjå og skapa god relasjon

  • Sjå barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet

  • Evne til refleksjon, gjera vurdering og setje inn tiltak til det beste for barna

  • Evne til å arbeida sjølvstendig

  • Evne til å samarbeida og arbeida svært strukturert, effektiv, fleksibelt og løsningsorientert

  • God kommunikasjon, få og gi tilbakemelding

  • Godt humør og positiv innstilling


Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver

  • Opplæring i fag og data systemer

  • Løn etter hovudtariffavtalen

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med stønad frå kommunen

  • Inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

Krav:

  • Politiattest


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet, Kontor og administrasjon
FINN-kode
350053814
Sist endret
24. apr. 2024 01:16