Personleg assistent

Arbeidsgiver
Aurland kommune
Stillingstittel
Personleg assistent
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Me har ledig 80 % fast stilling som brukarstyrt personleg assistent til ein mann med behov for assistanse i kvardagen frå snarast, med moglegheit for 100% ved seinare høve.

Det er til saman fire personlege assistentar i dette tiltaket. Brukaren bur i eige husvære saman med familien, og nyttar ei helg i månaden i avlastingsbustad. I arbeidet som personleg assistent får du høve til å gjere ein stor forskjell for eit anna menneske. Jobben er variert og gjevande, med gode vilkår.

Personleg assistanse er organisert under kommunalområde helse og omsorg, avdeling bu og miljø. Bu- og miljøtenesta vart oppretta i 2018. Det er om lag 30 tilsette ved avdelinga.

Me gir omsorg og oppfylging til brukarar med ulike behov. Meistring av kvardagslege aktivitetar og sosial deltaking står i fokus. Me jobbar aktivt for å sikre fagleg kvalitet og gode tenester. Tenester som heildøgns omsorg i bufelleskap, brukarstyrt personleg assistent (BPA), avlasting, støttekontakt og omsorgsstønad ligg til eininga. Me har også ansvar for å bygge opp aktivitetstilbod til målgruppa.

Me har høgt fokus på fagutvikling, og jobbar aktivt for å sikre gode tenester.


Arbeid og ansvarsområde

Me ynskjer at du er ein ressurs og ein god samtalepartnar. Du vil vere ein del av kvardagen til brukaren og delta i aktivitetar og i sosiale samanhengar etter ynskje frå brukaren.

Han treng også hjelp til:
- transport til ulike aktivitetar med meir
- praktiske og daglege gjeremål
- personleg stell / hygiene og av - og påkledning
- trening
- måltid
- bruk, vask og vedlikehald av tekniske hjelpemidlar
- helseoppfylging og fylge til mellom anna rehabilteringsopphald


Me tilbyr
  • ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
  • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
  • løn etter etter tariff
  • ekstra laurdag og søndagstillegg (+ kr 10 over tariff)
  • gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
  • gratis inngang til symjehallen

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.


Kvalifikasjonar
  • erfaring frå arbeid i helse og omsorg, men god opplæring blir gitt om du ikkje har det
  • fagbrev helsearbeidarfaget er ein fordel, men ikkje eit krav for tilsetjing
  • du vil få god opplæring, tett oppfylging og god rettleiing

Personlege eigenskapar

Me vil vektlegge gode samarbeidsevner og desse personlege eigenskapane:

  • imøtekomande, tillitsbyggande og kan skape gode relasjonar
  • trygg på deg selv i rollen din, ansvarsfull og tolmodig
  • fleksibel, løysningsorientert og taklar stress i periodar

Vi ser etter deg som er fleksibel, omsorgsfull, tolmodig, som ynskjer å gjere ein forskjell, og ha eit grunnleggande ynskje om å bidra til å gjere andre sin kvardag betre.

Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.


Løns- og tilsetjingsvilkår
  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestlova av nyare dato

Turnusen er delt opp med dagvakter, seinvakter og langvakter med 12,5 timar per vakt kvar 4. helg. Det kan vere moglegheit for å slå saman vakter slik at ein kan jobbe langvakter vekedagar. Det kan også leggast til rette for korte vakter på helg om dette er ynskjeleg.

Det kan kome endringar i turnusen / arbeidet.


Krav til språk

Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.


Generell informasjon om søknadsprosessen

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.


Sektor
Offentlig
Sted
Skjerdalsvegen 31, 5745 Aurland
Stillingsfunksjon
Annet, Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
350024410
Sist endret
24. apr. 2024 11:58