Vernepleiarar/ sjukepleiarar med fagansvar og helsefagarbeider/ miljøterapeut.

Arbeidsgiver
Bu- og aktivitetstenesta, Sula kommune
Stillingstittel
Vernepleiarar/sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og miljøterapeutar.
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du ein som har eit stort hjarte for å jobbe med mennesker og vil bidra med å gjere dagane god for dei som trenger støtte og hjelp i kvardagane. Kanskje er du vår nye kollega?

Vi skal styrke vår faglege kompetanse i avdelinga og søkjer deg som vernepleiar/sjukepleiar/miljøterapeut/helsefagarbeidar til vår avdeling.
Som tilsett i Jetmundgarden bufellesskap har du ansvar for å sikre at vi gir fagleg forsvarlege tenester til våre tenestemottakarar. I Jetmundgarden får du samarbeide med engasjerte og dyktige kollegaer med varierande kompetansebakgrunn. Du vil få faglege utfordringar i arbeidsoppgåver i ei eining i utvikling. Vi tilbyr fadderordning og god opplæring.


Vi har ledig:

2 x 100% fast stilling som vernepleiar/sjukepleiar/ miljøterapeut

1 x 80% fast stilling som vernepleiar/sjukepleiar/ miljøterapeut

1 X 80% vikariat som vernepleiar/sjukepleiar/ miljøterapeut frå snarast til og med 24.08.25

1x 69% vikariat som vernepleiar/sjukepleiar/ miljøterapeut på natt fram til 31.01.26.

1 x 69% vikariat som vernepleiar/sjukepleiar/ miljøterapeut på natt fram til 24.08.25

1 X 68% fast stilling som helsefagarbeidar på natt frå 25.08.24

Siste års vernepleiarstudentar vert oppmoda til å søkje.

Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til personar med ulike typar hjelpebehov. Tenestemottakarane er personar med funksjonsutfordringar som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetting , aktivisering og opplæring ved arbeidssenter/dagsenter, privat avlastning og avlastning i institusjon, støttekontakt og brukarstyrt personleg assistanse.

Jetmundgarden er ei avdeling med åtte bueiningar der arbeidet består i praktisk og personleg bistand til alle dagleglivets gjeremål. Avdelinga yter heildøgnsomsorg til mennesker med ulike funksjonsvariasjonar som autismespekterforstyrringar og psykiske vanskar. Vi arbeidar for at tenestemottakarane skal oppleve tryggleik, sosiale relasjonar, respekt og god livskvalitet. Du skal som tilsett sikre brukarmedverknad og gje god kvalitet på tenesta. Du skal rettleie tenestemottakar, samarbeide med pårørande, kollegaer og studentar.

Avdelinga har fokus på kompetanseløft i 2024, og nokre av satsingsområda er målretta miljøarbeid og positiv atferdsstøtte.

Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. Avdelinga har turnusordning med utvida arbeidstid f.t. 14-timarsvakter med arbeid 3. kvar helg. 69% og 68% stilling har turnus med nattevakter frå kl. 21.45 til kl. 08.15.



Arbeidsoppgåver

  • Arbeidet består i personleg bistand til alle dagleglivets gjeremål.
  • Ha evne til å sjå alle som individuelle mennesker og fremje den enkelte sine ressursar.
  • Det vert vektlagt personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere uførutsette situasjonar.
  • Hjelpe tenestemottakarane til å ha ei aktiv og meiningsfull fritid
  • Det er eit overordna mål å sikre tenestemottakar ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til vekst og utvikling.
  • Dagleg dokumentasjon og journalføring.
  • Yte fagleg forsvarleg tenester til det beste for bebuarane i tråd med kommunen sitt arbeid og tilsetjingsreglement, mål og verdiar
  • Du skal følgje rutinar, miljøreglar og handlingskjede som er satt opp. Du kartleggjer, sett i verk tiltak og evaluerar.
  • Du skal ha tett samarbeid med pårørande/verje.
  • Den som vert tilsett skal tilretteleggje og delta i bebuarane sine aktivitetar, både arbeid og fritid/ fysisk aktivitet.
  • Du skal vere primærkontakt for ein eller fleire av tenestemottakarane.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer personar med 3- årig utdanning til stillingane og helsefagarbeidarar til 68% nattevaktstilling . Gyldig autorisasjon som vernepleiar/ sjukepleiarar og helsefagarbeidarar, samt miljøterapeutar som til dømes førskulelærar, barnevernspedagogar og liknande.
  • Erfaring frå liknande arbeid, samt utfordrande åtferd vil verte føretrekt.
  • Kjennskap til og erfaring frå arbeid med personar med samensatt problematikk.
  • Målretta miljøarbeid med oppfølging og evaluering av tiltaksplan.
  • Utarbeiding og oppfølging av vedtak etter Hotjl. kap. 9.
  • Datakunnskap.
  • Gode kunnskapar i norsk, munnleg og skriftleg.
  • Krav om førarkort klasse B.
  • Politiattest.
  • Oppgje referanse.

Personlege eigenskapar

  • Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter fleksible, stabile og pliktoppfyllande personar med god framferd som likar å arbeide med mennesker.
  • Du må vere ressurs og løysningsorientert, og ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
  • Du må ha evne til å vere roleg i uførutsette hendingar og tåle stress.
  • Arbeide systematisk etter dagleg arbeidsplan og rutinar.
  • Bidra til gode resultat gjennom felles mål,verdiar, tverrfagleg samarbeid og kompetanseheving.
  • Evne til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagmiljø er viktig.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit positivt og engasjert fagmiljø.
  • Kompetanseheving og fagleg utvikling.
  • Interessant og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver.
  • Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2% innskot til pensjonsordning.
  • Vanleg kommunale tilsettingsvilkår.
  • God opplæring og moglegheit for fagleg påfyll.

Kontaktinformasjon

Camilla Vee, 95710251, camilla.vee@sula.kommune.no

Caroline Øien Fiksdal, 95710257, caroline.oien.fiksdal@sula.kommune.no

Arbeidsstad

Jetmundgarden 15

6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune



Referansenr.: 4803977917

Stillingsprosent: 100, 80, 69, 68%

Fast, Vikar

Søknadsfrist: 12.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
7
Sted
Jetmundgarden 15, 6030 Langevåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
349908646
Sist endret
23. apr. 2024 04:27