100% stilling som kundehandsamar/merkantil ved Renovasjonen

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Renovasjon
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ledig fast stilling som kundehandsamar/merkantil- stillingsstorleik 100%

Er du miljøinteressert, strukturert og serviceorientert? Då kan denne stillinga vere noko for deg!

Ullensvang Renovasjon driv innsamling og handtering av avfall frå hushaldningar, hytter og bedrifter i kommunen. Som kundehandsamar/merkantil vil du saman med verksemdsleiar, avdelingsleiar og renovatørar jobbe for at våre abonnentar skal få ei god og miljøvenleg renovasjonsteneste.

Gjenvinningsbransjen er i rivande utvikling. Avfall er ikkje lenger berre eit problem, men og ein ressurs. Gode renovasjonstenester gjer at avfall kan resirkulerast og bli til nye produkt, og er slik ein viktig medverknad til berekraftig utvikling.

Arbeidsoppgåver:

  • Handtering av kundeførespurnader

  • Sakshandsaming

  • Informasjon til abonnentar

  • Oppfølging næringsrenovasjon

  • Diverse dokumentarbeid knytt til HMS, internkontroll m.m.



Ynskte kvalifikasjonar:

  • Fagutdanning innan kontor- og administrasjonsfag eller tilsvarande.
    Anna relevant erfaring vil og verte vektlagd.

  • Gode digitale eigenskapar

  • Gode lese- og skriveeigenskapar i norsk

Personlege eigenskapar:

  • Ansvars- og kvalitetsbevisst

  • Serviceinnstilt

  • Gode samarbeidsevner

  • Evne og vilje til fleksibilitet

  • Miljøengasjert

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver

  • Spennande arbeid

  • Lønn etter hovudtariffavtalen

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Kundeservice, Annet
FINN-kode
349906829
Sist endret
23. apr. 2024 04:23