Helsefagarbeidar 60 % fast stilling

Arbeidsgiver
Heimetenestene, Sykkylven kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar 60 % fast stilling
Frist
09.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du helsefagarbeidar og ute etter nye utfordringar? Vi har ledig 60 % fast stilling som helsefagarbeidar i Heimetenestene, ein meiningsfylt og spanande jobb!

Stillinga inneber arbeid i brukarane sine heimar ulike stadar i kommunen, med turnus arbeid dag/kveld og for tida kvar 3. helg.
Stillinga er p.t. knytt til heimetenestene distrikt.



Arbeidsoppgåver

  • Arbeidet består av vanleg pleiefagleg arbeid og ansvar knytt til brukarane sine behov og vedtak

Kvalifikasjonar

  • Krav om relevant fagbrev og autorisasjon som helsefagarbeidar/ hjelpepleiar
  • Bidra til å realisere heimesjukepleia sine mål og planar
  • Kartlegge, utarbeide, gjennomføre, evaluere og dokumentere tiltaksarbeid
  • Dokumentasjon i pasientjournal
  • Legge til rette for godt samarbeid med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Tverrfagleg samhandling
  • Aktivt arbeide med velferdsteknologi
  • Medansvar for eit godt og inkluderende arbeidsmiljø
  • Den som vert tilsett må ha førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein helsefagarbeidar som er tolmodig og empatisk, og som har stor respekt for brukarane og deira ønskje og behov
  • Engasjert, initiativrik og positiv person med særleg interesse for eldreomsorg
  • Evne til å engasjere og motivere kollegaer og ivareta eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til å samarbeide og arbeide sjølvstendig
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter
  • Omstillingsdyktig
  • Personleg egnaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
  • Løn etter tariff
  • Obligatorisk tenestepensjonsordning
  • Gunstige låne- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.

Kontaktinformasjon

Wenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 16

6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune



Referansenr.: 4803879809

Stillingsprosent: 60%

Fast

Søknadsfrist: 09.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Haugneset 16, 6230 Sykkylven
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
349904094
Sist endret
23. apr. 2024 04:20