Er du sjukepleiar, sjukepleiarstudent eller helsefagarbeidar?

Arbeidsgiver
Medisinsk observasjonspost, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Sjukepleiar, sjukepleiarstudent, helsefagarbeidar
Frist
31.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Bli ein del av vårt team på ein inkluderande og fagleg robust observasjonspost!

Observasjonsposten har ledige helgestillingar på dag- og kveldstid, med arbeid kvar tredje helg.

Hos oss blir du del av ein spennande arbeidsplass der eit aktivt fagmiljø og eit breitt spenn av faglege arbeidsoppgåver ventar på deg. Du får ein forutsigbar årsplan med 16 helgevaktar i året. Vi legg til rette for både fagleg og personleg utvikling og kursdagar blir integrerte i turnusen din. På denne måten kan du kontinuerleg utvikle deg fagleg.

Velkomen som vår nye kollega!



Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie til inneliggande og polikliniske pasientar med behov for behandling og observasjon
  • Koordinere og delta i pasientforlaupet
  • Bidra i rettleiing av studentar og nye kollegaer

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar, sjukepleiarstudentar er hjarteleg velkomne som søkjar (2. eller 3. året)
  • Helsefagarbeidarae med erfaring kan søkje
  • Sjukehuserfaring og/eller relevant klinisk erfaring
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad

Personlige eigenskaper vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er god på teamarbeid og på å skape eit godt lærings- og ytringsklima
  • er ansvarsbevisst, strukturert og evner å prioritere mellom oppgåver
  • er fleksibel og sjølgående
  • tar initiativ og engasjerer deg i arbeidet

Vi tilbyr

  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv- bedrift (IA-bedrift)
  • Spennande arbeidsplass med eit aktivt fagmiljø og stort fagleg spenn av arbeidsoppgaver.
  • Forutsigbar årsplan med arbeid 16 helger i året.
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Kursdagar i turnus

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Doreen Halleland, Avdelingsleder

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4800673092

Stillingsprosent: 15%

Fast


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
349885705
Sist endret
14. mai 2024 07:20