Autorisert helsesekretær

Arbeidsgiver
Barne- og ungdomsklinikken, Helse Bergen
Stillingstittel
Autorisert helsesekretær
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig 100% fast stilling som autorisert helsesekretær i turnus med arbeid ca hver 4.helg og 1-2 kvelder kvar andre veke. Vi søker etter kandidatar som har kompetanse frå sjukehus. Beinmargsutstryk inngår i denne stillinga. Stillinga er ledig frå snarast.

Barne- og ungdomsklinikken (BUK) i Bergen er ein av Noregs største barne- og ungdomsavdelingar. Klinikken har ca. 4400 innleggingar og 33 000 polikliniske konsultasjonar årleg. Klinikken er organisert i 9 fagseksjonar inklusive barnekirurgi. God pasientbehandling, opplæring, utdanning og forsking er prioriterte oppgåver ved klinikken. Barne- og ungdomsklinikken har drift/aktivitet i fleire ulike bygg og fleksibilitet er ein viktig føresetnad for å kunne trivast hjå oss. I Oktober 2023 flytta vi inn i nye flotte lokale i Glassblokkene.

Eining for kontor er organisert som ein eigen eining med 16 årsverk og spennande merkantile oppgåver. Sekretærane er gjennom dagleg arbeid i kontakt med pasientar og pårørande. Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med sjuke- og barnepleiarar, legar og leiarar.



Arbeidsoppgåver

  • Resepsjon i Glassblokkene
  • Barne og ungdomsmottaket
  • Beinmargsutstryk og sending av materiale
  • Besvare førespurnader på telefon og i resepsjon med profesjonalitet
  • Planlegge og koordinere inntak av pasientar på ein effektiv og pasientvennleg måte
  • Økonomisk oppgjer
  • Bidra i arbeidet med å jobbe systematisk med pasientforløp, ventelister og arbeidsprosessar
  • Bidra til at klinikken når sine mål for kvalitet
  • Andre administrative oppgåver
  • Ved tilbod om stilling er det krav om tilfredstillande politiattest jf. Lov om helsepersonell § 20a

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som Helsesekretær
  • Må ha gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg
  • Ønskeleg med erfaring frå sjukehus
  • Fordel med kjennskap frå Meona, DIPS Arena, Imatis, Pasientreiser og Tolkenett
  • Det er ønskeleg med relevant erfaring innan koordinering, eller annan rolle kor samarbeid på tvers av avdelingar eller organisasjonar har vore ei del av arbeidet
  • Gode IKT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Arbeider strukturert og målretta med evne til å prioritere
  • Du er nysgjerrig og endringsvillig
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
  • Du må vere punktlig, nøyaktig og strukturert
  • Du må vere positiv og inkluderande, og bidra til det gode arbeidsmiljøet
  • Trivast med mange og varierte oppgåver i en hektisk kvardag
  • Du held deg roleg i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press
  • Du er problemløysande og nytenkande
  • Du tar ansvar der det trengs og er i høg grad fleksibel

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Tverrfagleg samarbeid og ein heilskapleg tilnærming til barn og unge
  • Triveleg arbeidsplass med engasjerte kollegaer og tydeleg pasientfokus
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Sissel Iversen, Einingsleiar, 40833399

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4800950631

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 05.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Helsesekretær, Helsepersonell, Kontor og administrasjon
FINN-kode
349882612
Sist endret
23. apr. 2024 03:41