Førsteamanuensis i analyse og differensialgeometri

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Førsteamanuensis i analyse og differensialgeometri
Frist
14.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Førsteamanuensis i analyse og differensialgeometri

Ved Matematisk institutt ved Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som førsteamanuensis i analyse og differensialgeometri, med tverrfagleg kompetanse på sannsynsteori, samt numerisk nytte av geometri og sannsyn. Med referanse til desse forskingsområda søkjer vi best mogleg kvalitet innan forsking, undervisning, rettleiing og populær formidling av forsking. Instituttet arbeider kontinuerleg med å forbetre kvaliteten på undervisninga, utvide aktiviteten innan popularisering av forsking og rekruttering av studentar, og auke porteføljen av eksternt finansierte forskingsprosjekt. Kandidatar som kan bidra til å forbetre desse områda vil bli føretrekt.


Om instituttet

I dagens høgteknologiske samfunn er kompetanse innan matematiske fag viktigare enn nokosinne for å lykkast til å løysa dagens og framtidige utfordringar: matematikk er språket frå naturvitskapen. Ved Matematisk institutt tilbyr vi utdanning i matematiske fag på bachelor-, master- og doktorgradsnivå, i tillegg til lærarutdanning i matematikk. Vi forskar breitt - frå grunnleggande teori til anvendt modellering og utrekningar.

Instituttet består av fire faggrupper; rein matematikk, anvendt og berekningsorientert matematikk, statistikk og data science, samt matematikkdidaktikk. Instituttet er lokalisert i Realfagbygget, nær by-sentrum i Bergen. Innanfor rein matematikk forskar vi innan algebra, algebraisk geometri, analyse og PDE og topologi. Forskinga vår innan anvendt og berekningsbasert matematikk fokuserer på fluidmekanikk, numeriske metodar og biletbehandling og prosessar i porøse medium. Innan statistikk og datavitskap er våre hovudfelt med-/biostatistikk, berekningsstatistikk, statistisk læring, sannsynsteori, og dessutan finans og forsikrings-/aktuarmatematikk. I tillegg driv vi tverrfagleg forskingsaktivitet med andre fakultet/institusjonar.


Arbeidsoppgåver

Førsteamanuensis er ei kombinert forskings- og undervisningsstilling. Den som tiltrer stillinga vil vere ansvarleg for å vidareutvikle kompetansen innan forskingsgruppa analyse og PDE, gjennom ein kombinasjon av analyse, differensialgeometri og sannsynsteori.

For å styrke det faglege miljøet skal den tilsette utvikle nye forskingsprosjekt og aktivt søkje ekstern finansiering hos nasjonale og europeiske/internasjonale forskningsråd. Den tilsette skal delta aktivt i formidling av forskinga nasjonalt og internasjonalt, og vidareutvikle eit internasjonalt nettverk innan fagmiljøet.

Innan undervisning vil den tilsette få oppgåver som emneansvarleg for bachelor- og/eller masteremne ved Matematisk institutt, inkludert emnar som inngår i grunnutdanning. Vidare vil den tilsette vere rettleiar for master- og doktorgradsstudentar og delta aktivt i utviklinga av undervisningskvaliteten ved instituttet.


Kvalifikasjonar og eigenskapar
  • Søkjarar må ha doktorgrad innan matematikk eller tilsvarande kompetanse innan matematisk analyse
  • Søkjarar må ha ei sterk forskingsbakgrunn innan differensialgeometri, med ein preferanse for forskingsområda nemnt ovanfor
  • Søkjarar må ha breitt nettverk til forskings- og undervisningssamarbeid
  • Søkjarar må ha solid og dokumentert forskingserfaring innan matematisk analyse
  • Søkjarar må ha erfaring i leiing av forskingsprosjekt/forskingsgruppe og i rettleiing av master- og doktorgradstudentar, samt postdok.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må kunne dokumentere evne til å hente inn ekstern forskingsfinansiering

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.


Krav til utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber dokumentasjon av

  • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
  • grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det er eit krav at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Den som vert tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.


Vi tilbyr
  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • stilling som førsteamanuensis (kode 1011) i det statlege lønsregulativet. Løn etter lønssteg 71 - 80 (kode 1011). Dette utgjer ei årsløn på kr 708 000 – 870 900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Meir informasjon finst her


Søknaden skal innehalde
  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, samt over dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • Ei fullstendig liste over undervisningserfaring, inkludert roller i underviste kurs
  • Vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar
  • Liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • Namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisingsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i portalen Jobbnorge. Søknadar sende på epost vil ikkje verte vurderte.


Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor og instituttleiar Antonella Zanna Munthe Kaas Antonella.Zanna@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Sted
Allégaten 41, 5007 Bergen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Forskning/Stipendiat/Postdoktor
FINN-kode
349868255
Sist endret
23. apr. 2024 02:51