Sjukepleiarstillingar i heimetenesta

Arbeidsgiver
Volda kommune, Heimeteneste
Stillingstittel
Sjukepleiarar i heimetenestene
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ambulerande heimetenester med base i Volda sentrum får to ledige vikariat for autoriserte sjukepleiarar:
  • 80 % i perioda 01.06.24 - 31.08.25, med todelt turnus med arbeid på dag og natt, inkludert helg
  • 80 % i perioda 01.06.24 - 31.08.25, med todelt turnus med arbeid på dag og kveld, inkludert helg
Ambulerande heimetenester yter tenester til heimebuande. Her får ein jobbe tverrfagleg og sjølvstendig med mange spanande utfordringar saman med engasjerte medarbeidarar. Arbeidsplassen tilbyr god støtte, opplæring og rettleiing, slik at medarbeidarane skal vere trygge og kompetente til å yte tenester av høg kvalitet. Arbeidsdagane er varierte, og du kjem inn i eit godt arbeidsmiljø med fagleg fokus og god kollegastøtte.



Arbeidsoppgåver

Helse- og omsorgstenester til personar i private heimar. Det inneber mellom anna kompleks palliativ pleie, oppfølging av pasientar i alle aldersgrupper, oppfølging av multisjuke pasientar. Gjere grundige observasjonar og god dokumentasjon. Vere med å kartlegge, utarbeide og evaluere tiltaksplanar i tett samarbeid med fastlege, palliativt team og andre aktuelle faggrupper. Ansvar for å rettleie og undervise anna personell og praksiskandidatar. Bidra aktivt til eit helsefremjande arbeidsmiljø. Bidra til å kvalitetssikre tenestene.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • Kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest
  • Levere eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose
  • Kjennskap til journalsystemet Gerica og generelt gode datakunnskaper er ein fordel
  • Søkjar må ha førerkort kl B

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter medarbeidarar som er effektive og løysingsorienterte, har godt humør og gode kommunikasjonsevne. Dei aktuelle må vere engasjerte, trivst med å jobbe sjølvstendig og er trygge på eigne avgjerder. Er ein i tillegg endringsvillig og har variert praksis så er det eit pluss. Andre kriterier:

  • God fagkompetanse og engasjement for fagleg utvikling
  • Fungerer godt i teamarbeid og har evne til å delegere arbeidsoppgåver
  • Må like å jobbe i relasjon med menneske og er opptatt av aktiv omsorg og kvardagsmeistring
  • Er ansvarsbevisst og løysingsfokusert, fleksibel og liker utfordringar.

Vi tilbyr

  • Fagleg utfordrande og spanande arbeidskvardag!
  • Ein arbeidsplass med fokus på heiltidskultur
  • Tverrfagleg lagarbeid: vi har hukommelsesteam, kvardagsrehabiliteringsteam, frivilligkoordinatorar, kreftkoordinator og spesialisert korttidsavdeling.
  • Engasjerte medarbeidarar og godt arbeidsmiljø
  • Mentorordning for nytilsette
  • Tilgang til e-læringkurs frå NHI og simuleringstrening med VR-briller
  • Fokus på relevant kompetanseutvikling.
  • Fleksibel arbeidsplass med høve til jobbrotasjon
  • Velferdsteknologi vil vere eit stort fokusområde framover
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (KLP)
  • Stillingskode 717400 sjukepleiar.

Kontaktinformasjon

Astrid Dimmen, Avdelingsleiar heimetenester, +4795770524, astrid.dimmen@volda.kommune.no

Vegar Batts, Seksjonsleiar gruppe 1, 90 08 99 47, vegar.batts@volda.kommune.no

Ingeborg Mork Håskjold, Seksjonsleiar gruppe 2, 90 06 94 73, ingeborg.haskjold@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Barstadmarka 2

6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune



Referansenr.: 4803882356

Stillingsprosent: 80%

Vikar

Startdato: 01.06.2024

Sluttdato: 31.08.2025

Søknadsfrist: 12.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Barstadmarka 2, 6102 Volda
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
349866570
Sist endret
23. apr. 2024 02:51