Inaktiv

Fagarbeidar i 40% fast stilling i Utne barnehage

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Utne barnehage
Frist
07.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stilling som fagarbeidar i 40% fast stilling i Utne barnehage


Utne barnehage har ledig 40% stilling som fagarbeidar, gjerne barne- og ungdomsarbeidar, frå 05.08.2024.

Om arbeidssplassen:

Utne barnehage er ein to-avdelings barnehage på Utne. Me har fokus på vaksenrolla i leiken, berekraftig utvikling, samarbeid med nærmiljøet og eit godt barnehagemiljø. Barnehagen har eit særs godt arbeidsmiljø, og legg stor vekt på gode relasjonar i alle ledd, og me ønskjer deg som kan bidra til dette.

Ring gjerne verksemdsleiar Lene Vie Nordeide på telefon 92042630, eller send ein mail til lene.vie.nordeide@ullensvang.kommune.no for meir informasjon.

Me ser fram til å høyre frå deg!


Ynskte kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar

  • Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon

Personlege eigenskapar:

  • Kjennskap til barnehagen og nærområdet er eit føremon

  • Kreative evner

  • Ta barnas perspektiv

  • Evne til å sjå og skapa gode relasjonar med alle barna

  • Sjå barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet

  • Evne til refleksjon, gjera vurdering og setja inn tiltak til det beste for barna

  • Evne til å arbeida sjølvstendig

  • Evne til å samarbeida

  • God kommunikasjon - få og gi tilbakemelding

  • Evne til å arbeida målretta og strukturert

  • Løysningsorientert

  • Fleksibel og kreativ

  • Godt humør og positiv innstilling

  • Evne til å vera til stades og ha fokus på kvalitet

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, men kjekt arbeidsmiljø

  • Løn etter hovudtariffavtalen

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

Krav:

  • Ved tiltreding må gyldig politiattest og tuberkulinstatus leggjast fram, jf. lov om barnehage.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
349863078
Sist endret
23. apr. 2024 12:11