Rettleiarar NAV Vaksdal
- Arbeidsgiver
- Vaksdal kommune
- Stillingstittel
- Rettleiar NAV Vaksdal
- Frist
- 12.05.2024
- Ansettelsesform
- Prosjekt
Beskrivelse
Om stillingane
Arbeidsoppgåver
For å jobbe hjå oss må du
Personlege eigenskaper
Vi tilbyr
Korleis komme til oss?
- Har du gode kommunikasjonsevner og er ein nettverksbyggar som vil jobbe med rekruttering og inkludering? Brenn du for at flyktningar skal få bruke sin kompetanse i arbeidslivet? Då er du personen vi leitar etter.
- Vaksdal kommune ynskjer å styrke den inkluderinga av flyktningar som nyleg er busette i kommunen og opprettar inntil 150% stillingar med varigheit i 2 år. Stillingane ligg til NAV Vaksdal. Du skal samarbeide tett med rettleiarane på kontoret og andre aktørar innanfor inkludering av flyktningar. Hovudoppgåva er å arbeida for å hjelpa flyktningar over i arbeid i tråd med Stortinget sine føringar for inkludering.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsretta oppfølging av flyktningar frå Ukraina – kartlegging, karriererettleiing og jobbstøtte
- Tett samarbeid med norskopplæring, flyktningetenesta og andre samarbeidspartar
- Relasjonsbygging med arbeidsgjevarar
- Generell råd og rettleiing knytt til gruppa
- Dokumentasjon i fagsystem
- Del av stillinga vil bli brukt til sakshandsaming etter lov om sosiale tenester i NAV
For å jobbe hjå oss må du
- Treårig høgskuleutdanning. Særleg relevant arbeidserfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- God kjennskap til arbeidsmarknaden i Vaksdal og nærliggjande kommunar
- Gode datakunnskapar
- Førerkort klasse B
Vi ynskjer at du
- Har erfaring frå offentleg forvaltning
- Har god rettleiings- og relasjonskompetanse
- Har erfaring frå endrings- og motivasjonsarbeid
- Har erfaring frå arbeid i NAV, og kjennskap til relevante fagsystem
Personlege eigenskaper
Vi legg stor vekt på personlege eigenskaper og leitar etter deg som
- trur på at deltaking i arbeidslivet er god inkludering
- byggjer relasjonar og skaper motivasjon
- leiter etter løysingar og moglegheiter
- prioriterer, arbeider målretta og har god oversikt over oppgåver
- byggjer og vedlikeheld nettverk
- likar travle dagar og møter med mennesker, dette er ikkje ein kontorjobb
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø
- Utfordrande oppgåver på eit viktig samfunnsområde
- Tverrfagleg arbeidsmiljø med gode kollega som er flinke til å samarbeida for å finna gode løysingar
- Lønn etter kommunalt avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Korleis komme til oss?
Du kjem raskt til Dale med tog, buss eller bil.
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
- Stillingsfunksjon
- Rådgivning, Konsulent, Saksbehandler
- FINN-kode
- 349819614
- Sist endret
- 23. apr. 2024 01:53