Ledig stilling

Arbeidsgiver
Lærdal kommune Administrasjon
Stillingstittel
Arealplanleggar i 100 % fast stilling
Frist
20.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling.
I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen.
Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv.
Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

Ønskjer du ein spanande jobb innan eit viktig arbeidsfelt? Er du den arealplanleggaren som Lærdal kommune treng?

Lærdal kommune søkjer etter arealplanleggar i 100 % fast stilling.

Arbeidsoppgåver:

  • Saksbehandling og rådgjeving på kommunalt nivå etter plan- og bygningsloven, inkludert saksførebuing til politiske organ
  • Reguleringsplanarbeid
  • Oppgåver knytt til kommuneplanen sin arealdel og andre overordna arealplanar
  • Planarbeid knytt til sentrumsutvikling
  • Forvalte planregisteret
  • Rettleie innbyggjarar og utbyggjarar
  • Prosjektarbeid
  • Andre oppgåver etter nærare avtale

Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning fra høgskole- eller universitet
  • Relevant, allsidig plankompetanse
  • God kjennskap til planprosesser etter plan- og bygningsloven
  • Evne til balansert samhandling og samarbeid, både eksternt og internt
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Personlege eigenskaper:

  • Strukturert, initiativrik og utviklingsorientert
  • God vurderingsevne
  • Du må kunne handtere interessekonfliktar som kan oppstå i arbeidet
  • Lagspelar med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Gjennomføringskraft

Me kan tilby:

  • Ein spennande og variert arbeidskvardag
  • Eit godt arbeidsmiljø med fokus på fagleg utvikling
  • Konkurransedyktige lønnsvilkår med gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstidsordning

Det pågår for tida eit arbeid der målsettinga er å utvide det interkommunale plansamarbeidet mellom kommunane i Sogn for å styrke fagmiljøet. Dette kan medføre endringar i stillinga på sikt.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Stillingsfunksjon
Saksbehandler, Annet, Rådgivning
FINN-kode
349752137
Sist endret
23. apr. 2024 12:28