Undervisningsstillingar i maritime fag, naturbruk/akva og fiske og fangst. Maskinist på "Skulebas"

Arbeidsgiver
MAL - MÅLØY VGS, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Undervisningsstilligar maritime fag, naturbruk/akva og fiske og fangst. Maskinist på "Skulebas"
Frist
20.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Måløy vidaregåande skule er leverandør av opplæring innan mange fagfelt, og har eit særleg fokus på marin og maritim opplæring.
Skulen tilbyr desse utdanningsprogramma: Naturbruk, Maritime fag, Bygg- og anleggsteknikk, Teknologi- og industrifag, Studiespesialisering, Helse- og oppvekstfag, Restaurant- og matfag, Informasjonsteknologi og medieproduksjon, YSK (yrkes- og studiekompetanse) innan Helse, Akva og TIF.
I tillegg er Sikkeheitssenteret i Måløy (SIM) med sine kurstilbod organisert som eiga avdeling under Måløy vgs.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver undervisningsstilling maritime fag - 100% fast stilling.
Stillinga gjeld undervisning i faga skipstekniske tenester, dekksfaget og yrkesfagleg fordjuping, men andre fag kan også vere aktuelle.
Dette er ei fast stilling med oppstart 1.8.2024.

Arbeidsoppgåver undervisningsstilling fiske og fangst - 100% fast stilling.
Stilling gjeld undervisning i faga fartøy og redskaper og yrkesfagleg fordypning for vg2 fiske og fangst, men andre fag kan også vere aktuelle.
Det er ønskeleg med erfaring frå fiske med line, garn, snurrevad og trål. Dersom søkar ikkje har erfaring frå alle fiskeria, vil opplæring bli gitt. Stillinga inneberer å delta på tokt med Skulebas og drive opplæring av elevar om bord. Det må påreknast ca. 60 reisedøger per skuleår.
Dette er ei fast stilling med oppstart 1.8.2024.

Arbeidsoppgåver undervisningsstilling maritime fag, naturbruk og akvakultur – 60 % vikariat.
Aktuelle fag er skipstekniske tenester for maritime fag, naturbasert næringsaktivitet og naturbasert produksjon og tenester for naturbruk og yrkesfagleg fordjuping for akvakulturelevar, men andre fag kan også vere aktuelle.
Stillinga gjeld 60 % vikariat frå 1.8.2024 og ut kalenderåret 2024 med moglegheit for fast tilsetting. Det kan vere aktuelt å tilsetje to kandidatar som går i fast turnus.

Arbeidsoppgåver for maskinist på opplæringsfartøyet Skulebas - 100% fast stilling.
Arbeidsoppgåvene om bord i fartøyet omfattar drift og vedlikehald av maskineri og tekniske system. Dette inkluderer overvaking av maskinene, reparasjonar ved behov, vedlikehald av utstyr og samarbeid med andre i mannskapet for å sikre effektiv drift og sikkerheit om bord.
Dette er ei fast stilling med oppstart 1.8.2024. Det må påreknast ca. 100 reisedagar i året på ulike tokt langs kysten. Maskinsjef avspaserer når skulen har ferie og går i periodar i vaktteneste utanfor vanleg arbeidstid når fartøyet ligg til kai.
Det er ønskeleg med erfaring frå fiske med line, garn, snurrevad og trål. Dersom søkar ikkje har erfaring frå alle fiskeria, vil opplæring bli gitt.

Kvalifikasjonar

Kvalifikasjonar for alle undervisningsstillingar
Det er ønskeleg med pedagogisk utdanning. Ved manglande formell pedagogisk kompetanse kan skulen legge til rette for tidsavgrensa avtale om å gjennomføre slik pedagogisk vidareutdanning.
Vi søkjer etter lærarar med god fagleg og pedagogisk kompetanse som set eleven i sentrum og har evne og lyst til å skape gode læringsarenaer for ungdommane våre.
God kjennskap til digitale verktøy og evne til å setje seg inn i nye verktøy.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Kjennskap til relevant lov- og avtaleverk.
Det er ønskeleg med minimum kompetansesertifikat dekksoffiserklasse 5 (D5) med førarrettigheiter for lastefartøy under 500 BRT.
Andre oppgåver må òg påreknast. Meir om faga finn ein på udir.no.

Kvalifikasjonar for stilling som maskinist
Vi søkjer etter ein maskinist med god fagleg kompetanse som set eleven i sentrum og har evne og lyst til å skape gode læringsarenaer for ungdommane våre.
God kjennskap til digitale verktøy og evne til å setje seg inn i nye verktøy.
God kjennskap til sikkerheitsstyringssystem og vedlikehaldssystem.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Kjennskap til relevant lov- og avtaleverk.
Det er ønskeleg med minimum kompetansesertifikat maskinoffiser klasse 4.

Personlege eigenskapar


Vi ynskjer oss medarbeidarar som saman med resten av dei tilsette ved skulen kan vere med å skape eit profesjonsfellesskap som er prega av stoltheit, openheit og tryggleik.
Vi ser etter personar som:
Er gode på relasjonsbygging og har gode evner til å kommunisere
Har eit sterkt elevengasjement og er opptatt av eleven sitt beste
Ynskjer å bidra aktivt i profesjonsfellesskapet
Arbeider sjølvstendig og strukturert
Er kreativ, fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr


Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver. Måløy vidaregåande skule har nyleg rehabilitert klasserom og verkstader. Skulen har eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap.
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Meir informasjon om skulen finn du på nettsida: www.maloy.vgs.no. Det blir teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førsterett til stillinga. Ta med attestar og vitnemål til eit eventuelt intervju. Gje opp minst to referansar.
Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset nyare politiattest. Stillinga har seks månader prøvetid. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.

Kontaktinformasjon

Ellen Jåvold, rektor, 40031715

Tor Åge Gravdal, avdelingsleiar, +47 97511510

Arbeidsstad





Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4800836979

Stillingsprosent: 100, 60%

Fast, Vikar

Startdato: 01.08.2024

Søknadsfrist: 20.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
6718 Deknepollen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
349751962
Sist endret
23. apr. 2024 12:23