100% vikariat som lærar ved Opedal skule

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Opedal skule
Frist
20.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Opedal skule:

Opedal skule er ein 1.-7. skule i Ullensvang kommune. Skulen har 118 elevar og 21 tilsette. Me ligg fint til i bygda Lofthus, i nær tilknyting til både fjell og fjord.

Skulen arbeider systematisk med verdiar. Verdiane er utarbeidd i eit samarbeid mellom tilsette, foreldre og elevane våre. Verdiarbeidet skal omfatta all aktivitet ved skulen, både det psykososiale miljøet og læringsaktiviteten.

Det pedagogiske arbeidet til skulen er knytt til Læringssirkelen. Alle tilsette får opplæring i dette arbeidet.

Skulen har fokus på implementering av ny læreplan, og utviklingsområdet vårt det komande skuleåret er eit godt psykososialt miljø med vekt på livsmeistring.

Ledige stillingar for skuleåret 2024-25:

- Undervisningsstilling- 100% vikariat frå 01.08.2024

Kvalifikasjonar

● godkjent undervisningskompetanse

● helst kontaktlærarerfaring

Personlege eigenskapar

● er ein god klasseleiar

● har god relasjonskompetanse

● har god formidlingsevne

● samarbeider godt i lærande fellesskap

● er lojal og ansvarsfull mot skulen sitt formål

● er løysingsorientert og fleksibel

Me tilbyr

● eit godt arbeidsmiljø

● eit godt pedagogisk utviklingsmiljø

● løn etter avtaleverk

● hjelp til å finna bustad


Link til søknadsskjema: Søk her
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
349746672
Sist endret
23. apr. 2024 12:11