Badevert/badevakt i folkebad

Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Stillingstittel
Badevert
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Vaksdal kommune har ledig fast deltidsstilling for badevert ved folkebadet på Dale skule.
Som badevert vil du alltid arbeide i eit team på to personar. Arbeidet vert timeløna etter timelister og vil vera
på ettermiddag- og kveldsstid.
Folkebadet er ope måndag, onsdag og fredag med arbeidstid om lag mellom klokka 16.30- 21.00. Det er ledig to dagar - måndag og onsdag, men dette kan verta endra. Skriv gjerne i søknaden om du ønskjer å jobbe ein eller to dagar.
Folkebadet sine opningsperiodar føl skuleruta.


Er du over 18 år, ansvarsfull og symjedyktig?

På grunn av kjønsbalansen oppmodar vi kvinner om å søkje.


Arbeidsoppgaver
  • Vera badevert i folkebadet for ulike brukargrupper
  • Vera med på å sikre eit trygt og reint folkebad
  • Reingjering

Kvalifikasjonskrav
  • Søkjar må vera over 18 år
  • Du må kunne symje godt
  • Ha kurs i livredding og/eller vera villig til å ta kurs
  • Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetjing
  • Ansvarsfull og påliteleg
  • Gode samarbeidsevner
  • Imøtekomande

Personlege eigenskapar vert vektlagt.


Vi tilbyr
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Kompetente og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk

Spørsmål om stillingen
  • Gunn E Melgård Aase, einingsleiar.
  • 41233585
  • gunn.melgard.aase@vaksdal.kommune.no

Sektor
Offentlig
Sted
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
Stillingsfunksjon
Annet
FINN-kode
349741951
Sist endret
23. apr. 2024 11:49