Lærar på Naturbruk

Arbeidsgiver
STE - Stend Vgs
Stillingstittel
Lærar på Naturbruk
Frist
05.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stend vidaregåande skule har om lag 540 elevar innan Naturbruk, Idrettsfag, Sal service og reiseliv, Allmennfagleg påbygging og Klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 180 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet.

Arbeidsoppgåver

Praktisk og teoretisk undervisning på naturbruk der ein brukar garden som læringsarena.
Stillinga er knytt til vårt tilbod for elevar med trong for individuelt tilrettelagt opplæring i mindre gruppe.
Kontaktlærarfunksjon og leiar for teamet rundt elevane
Administrative oppgåver som fylgjer med individuell tilrettelagt opplæring.

Kvalifikasjonar

Relevant fagleg og pedagogisk kompetanse i programfag og YFF på Naturbruk.
Ønskeleg med utdanning innan spesial pedagogikk og/eller erfaring frå individuelt tilrettelagt opplæring
Dersom ein søkjar ikkje har pedagogisk utdanning kan ein bli tilsett under føresetnad om å ta pedagogisk utdanning innan 3 år

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter ein utåtvend og samarbeidsvillige person som kan jobbe i team, og utføre sjølvstendig arbeid i tråd med pedagogiske planar.
Vi ønskjer ein person som har kompetanse og erfaring frå arbeid med ungdom, og som er god til å byggje relasjonar til elevane.
Å vere personleg eigna er viktig i den utlyste stillinga, og vil bli vektlagd

Vi tilbyr

Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Stend er ein arbeidsplass med med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.

Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort

Kontaktinformasjon

Lars Ivar Søvik, avdelingsleiar, 95898287

Arbeidsstad





Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4802147751

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 05.05.2024


Sted
5244 Fana
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
349733129
Sist endret
23. apr. 2024 10:45