Økonomiansvarlig for landets største teater
- Arbeidsgiver
- Det Norske Teatret
- Stillingstittel
- Økonomisjef for Det Norske Teatret
- Frist
- 27.05.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Har du lyst til å jobbe med økonomistyring i ein spennande kulturinstitusjon? Vi er på utkikk etter ein fagleg dyktig økonomisjef som meistrar både høgt tempo og langsiktig planlegging i eit hus prega av raske sceneskift. Økonomisjefen skal, saman med direktøren, sikre at teateret har ein sunn økonomi, slik at vi kan halde fram med å ta kunstnarleg risiko, skape høg kvalitet og tilby eit breitt repertoar.
Økonomisjefen får mellom anna ansvar for økonomistyring, finansiering, prosessforbetringar, framskrivingar, analysar, budsjettering, rekneskap og innkjøp. Leiaren for dette området har i dag personalansvar for tilsette på økonomi- og personalområda og er med i leiargruppa. Teateret er i ferd med å tilsette ny direktør, og denne vil avgjere framtidig organisering av stabs- og støttefunksjonar. Vi brukar frå 2024 økonomisystemet Xledger.
Vi ser etter ein tydeleg og lyttande person med leiarerfaring, gjerne frå kulturfeltet, og med relevant høgare utdanning. Erfaring med økonomistyring i større verksemder er nødvendig, like eins dokumentert evne til å planlegge over tid og systematisk nå mål. Vi ønsker oss ein økonomisjef som er ein sikker analytikar, som òg kan formidle funn så dei blir forstått.
Søkarar bør vere gode i både nynorsk og engelsk og ha høg arbeidskapasitet.
Vi tilbyr:
- ei nøkkelrolle bakom scenane på Noregs største teater og scenekunst i rikt monn.
- eit mangfaldig og ambisiøst arbeidsmiljø med utfordrande og varierte oppgåver
- lønn etter avtale og gode kollektive pensjons- og gruppelivsforsikringar,
Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke.
Spørsmål om stillinga kan rettast til vår rekrutteringsrådgivar i Møllerstad rekruttering as, Gro Møllerstad, tlf. 915 59 752.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Økonomi og regnskap, Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering
- FINN-kode
- 349731246
- Sist endret
- 23. apr. 2024 10:41