Inaktiv

Radiograf

Arbeidsgiver
Radiologi Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Radiograf
Frist
05.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Klinikk for diagnostikk - Avdeling for radiologi Ålesund og Volda - Radiologi Volda

Vi har ledig 2 x100 % faste stillingar som radiograf frå snarast og 100 % vikariat for radopgraf i perioden 13.06.2024 - 17.04.2025.
Vi ynskjer å kome i kontakt med engasjerte radiografar som trivst med å arbeide sjølvstendig, men som også likar å arbeide i team.

Radiologisk avdeling Volda har ein CT, ein MR, tre skjelett-labar, ultralyd og osteodensimetri. Vi har ei stabil arbeidsgruppe og eit livleg arbeidsmiljø. Det er pr. i dag 17 radiografstillingar ved seksjonen, der 15 går i rullerande 3-delt turnus.
Volda sjukehus har traumefunksjon og det skjer ei stor utvikling ved sjukehuset med utviding og oppgradering. Radiologisk avdeling Volda har ny Siemens MR.

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn.
Sjå meir om Volda her: https://www.youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY og her: https://www.youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY

Vi ber om at vitnemål og attestar/tenestebevis frå evt. tidlegare arbeidsforhold blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad



Arbeidsoppgåver

  • Ta del i avdelinga sin turnus med vakt kvar fjerde helg.
  • Utføre radiograf-fagleg arbeid i samsvar med avdelinga sine prosedyrer.
  • Vi har CT, MR, konvensjonell røntgen både med og utan gjennomlysing, ultralyd og osteodensimetri. Det er forventa at du tek del i arbeidet på alle labane
  • Medvirke til forsvarleg og effektiv pasientbehandling medan ein ivaretek pasientane sitt behov for omsorg og pleie
  • Samarbeide i seksjonen/på sjukehuset for å bidra til eit godt fagleg og sosialt miljø

Kvalifikasjonar

  • Autorisert radiograf med norsk godkjenning
  • Erfaring med CT, MR og generell radiografi er ynskjeleg, men ikkje eit krav
  • Vidareutdanning innan CT eller MR er ynskjeleg, men ikkje noko krav
  • Meistre godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du er sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
  • Du har lett for å lære
  • Du er ein positiv person med gode samarbeis- og kommunikasjonsevner, interessert i å bevare vårt gode arbeidsmiljø
  • Du er fagleg interessert.
  • Du er intiativrik og handlekraftig Motivert og fleksibel til å utføre varierte arbeidsoppgaver.
  • Personlege eigenskapar og samarbeidsevner vil bli vektlagde.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Ingunn Petrine Flo, Seksjonsleiar, 70058278, Ingunn.flo@helse-mr.no

Arbeidsstad

Kløvertunvegen 1

6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4797874066

Stillingsprosent: 100%

Fast, Vikariat

Søknadsfrist: 05.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Annet, Helsepersonell / Radiograf
FINN-kode
349726975
Sist endret
23. apr. 2024 10:26