Inaktiv

Fagkoordinator - Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Luster kommune Luster omsorgssenter
Frist
05.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Luster omsorgssenter ligg flott til i fine omgjevnadar sentralt i Luster.

Tilsette ved Luster omsorgssenter yter tenester til langtids sjukeheimspasientar og til heimebuande.

Stillingsinformasjon:

  • Luster kommune søkjer sjukepleiar til 100% fagkoordinator stilling
  • Stillinga har primært dagvakter med arbeidshelg kvar 6. helg.
  • Fagkoordinator har ansvar for fagleg kvalitet og koordinering av tenesteytinga

Arbeidsoppgåver:

  • Sjukepleiefaglege oppgåver som medikamenthandtering, lindrande behandling, sårstell med meir
  • Heilskapleg pleie og omsorg
  • Planlegge, organisere og koordinere pasientforløp
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
  • Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer
  • Rettleie og undervise kollegaer, studentar og lærlingar
  • Delta i vedtaksmøte
  • Delta i aktuelle møtefora og fagnettverk
  • Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar:

  • Offentleg godkjend sjukepleiar
  • Erfaring/kompetanse innan eldreomsorg er ynskjeleg
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg

Me legg vekt på:

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig og løysingsorientert
  • Personlege eigenskapar
  • Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg

Me kan tilby:

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Dalsdalen 1, 6872 Luster
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
349710707
Sist endret
23. apr. 2024 07:31