Sekretær til sommarvikariat

Arbeidsgiver
Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift telefoni, Helse Bergen
Stillingstittel
Sekretær til sommarvikariat
Frist
06.05.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester. Hospitaldrift har 7 einingar og ca. 750 medarbeidarar. Hospitaldrift telefoni er ei av einingane i Hospitaldrift, og har ansvar for sentralbordet i Helse Bergen.

Vi har ledig 100% sommarvikariat som sekretær i perioden 05.06. til 18.08.2024.



Arbeidsoppgåver

  • Betene sjukehuset sitt sentralbord
  • Inngå i vaktturnus, som også omfattar kveld, natt og helg
  • Er tidvis ein hektisk arbeidsplass

Kvalifikasjonar

  • Særs god munnleg framstillingsevne
  • Søkarar må ha gode språkkunnskapar i norsk og engelsk
  • Erfaring frå sentralbord og kjennskap til organisasjonen er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt og kunne formulere seg korrekt
  • Må trivast i eit aktivt, travelt og til tider hektisk miljø
  • Nøyaktig, kvikk og ansvarsfull

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Grundig opplæring
  • Godt arbeidsmiljø

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Frode Hamre, Einingsleiar, 55975000

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4802750982

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 05.06.2024

Sluttdato: 18.08.2024

Søknadsfrist: 06.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Annet, Helsepersonell
FINN-kode
349699226
Sist endret
22. apr. 2024 06:58