Inaktiv

Sjukepleiar / vernepleiar i Fjaler kommune

Arbeidsgiver
Fjaler kommune Heimetenesta
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har frå snarast ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar i Fjaler Kommune med for tida arbeidsstad i heimetenesta. Vi har årsturnus på 52 veker med tredelt turnus med arbeid kvar 3 helg. Langvakter i heimeteneste kan vere aktuelt, då med arbeid kvar 4. helg. Denne ordninga er frivillig.

Våre tenester vert tilpassa for å møte framtidas behov, og vi har mange spanande oppgåver. Det er oppretta ressursgrupper på tvers av einingane i kommunen innan ulike tema som lindrande behandling - kreft, velferdsteknologi og demens. Dette for å få ytterlegare kompetanse innan dei ulike fagfelta.

Stillinga kan få eit særskilt ansvar for koordinering av vaksinering i kommunen.

Arbeidsoppgåver
  • Delta i det daglege arbeidet slik at tenestene sine arbeidsoppgåver vert utført på ein smidig og god måte. Dette inneber blandt anna; stell, tilsyn, sårstell, ernæring, rehabilitering, dosettarbeid, multidose i heimetenesta.
  • velferdsteknologi, legemøte, terminalpleie i heim og på institusjon, kartleggingsbesøk
  • Sikre at det vert utført fagleg forsvarleg tenesteyting til den einskilde brukar
  • Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og til eit godt samarbeid med dei andre einingane
  • Jobbe kunnskapsbasert
  • Bidra til auka fagleg utvikling
  • Tverrfagleg oppfølging

Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Sjukepleiarstudentar/vernepleiarstudentar ferdig hausten 2024/våren 2025 kan og søkje.
  • Førarkort klasse B
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
  • God på kommunikasjon og samarbeid
  • Sjølvstendig
  • Evne til å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
  • Engasjement for eldreomsorg

Det blir vektlagt om ein er personleg egna for stillinga.

Vi tilbyr
  • Introduksjonsprogram for nytilsette
  • Fadderordning
  • Løn etter utdanning og erfaring
  • 20 000,- alltid på topp tillegg
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Etterutdanning innan satsningsområde

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er
offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
349658723
Sist endret
22. apr. 2024 01:26