Sjukepleiar natt

Arbeidsgiver
Akuttpsykiatrisk post Valen, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer en engasjert nattsjulepleiar som ønsker å bli ein del av vårt team!

Akuttpost Valen er plassert på Valen sjukehus og har åtte behandlingsplassar for opptaksområdet til Folgefonn DPS og Stord DPS. Akuttposten skal gjere gode psykiatriske vurderingar, gi fokusert og kortvarig behandling eller tilvise til behandling på rett nivå.

Vi er ei avdeling med eit inkluderande arbeidsmiljø og dyktige medarbeidarar. Hos oss legg vi til rette for at du skal kunne utvikle kompetansen din gjennom fagdagar og kurs. Du vil jevnlig få tilbod om aktuell opplæring, internundervisning og rettleiing.

Vi ønsker deg velkommen til å søkje hos oss!



Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiar med natt-teneste på døgnpost.
  • Gje pasienten medisinsk og miljøterapeutisk behandling som er naudsynt for å oppfylle dei krav som er sett for kvar einskild pasient.
  • Vere med i beredskap på natt og bistå andre postar ved behov.

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar med norsk autorisasjon
  • Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • har gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
  • er tilpasningsdyktig og kan takle stressande situasjonar med ro og fagleg gode haldningar

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Inkluderande arbeidsmiljø med kompetente kollegaer
  • Kompetanseutvikling gjennom fagdagar og kurs
  • Opplæring i terapeutisk møte med aggresjon
  • Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing
  • Arbeidstid turnus med arbeid 3. kvar helg
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden.

Mangfaldserklæring

Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Liv Rose Olderkjær Larsen, Funksjonsleiar, +47 53466474

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 26

5451 VALEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4801383154

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 03.06.2024

Søknadsfrist: 12.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Sjukehusvegen 26, 5451 Valen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
349299367
Sist endret
22. apr. 2024 10:52