Prosjektleiar 

Arbeidsgiver
NAV Vestland Arbeid og Helse
Stillingstittel
Prosjektleiar
Frist
03.05.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

NAV Vestland Arbeid og Helse er ein del av NAV Vestland si satsing for å levere betre og meir heilskaplege tenester til arbeidslivet. No søker vi ein prosjektleiar i 50% stilling til eit midlertidig engasjement ut 2024.

NAV Vestland Arbeid og Helse er eit fylkesdekkande ressurs- og kompetansesenter med utfyllande arbeidsretta kompetanse. Avdelinga består av NAV Arbeidslivssenter, Arbeidsrådgjevingskontoret (ARK), Senter for Jobbmestring og rådgjevande overlegar. Avdelinga leverer tenester til NAV-kontora i heile fylket i tillegg til å gi prosesstøtte og rådgjeving til verksemder med behov for bistand i det forebyggande arbeidsmiljøarbeidet. Medarbeidarane i avdelinga har brei og variert kompetanse og jobbar både sjølvstendig og i team. Tenestene som vert levert frå dei ulike fagmiljøa i avdelinga utgjer eit komplementært tilbod til dei øvrige tenestene i NAV. Vi legg stor vekt på eit nært og godt samarbeid med andre einingar i etaten, og særleg viktig er kontakten med rettleiarane ved NAV-kontora. I tillegg har vi utstrekt brukarkontakt ved fleire av tenestene. Vi arbeider etter prinsippa for kontinuerleg forbetring (Lean).

NAV Vestland er organisert i ni regionar og kompetansesenteret er geografisk fordelt til dei ulike regionane. Som prosjektleiar vil du ha arbeidsstad i Bergen, men må påregne noe reisevirksomhet til dei ulike regionane. Du vil bli ein del av avdelingsdirektøren si leiargruppe.


Arbeidsoppgåver og ansvarsområde

  • Rådgjevar for avdelingsdirektør og leiargruppa i utviklings- og endringsprosessar
  • Delta aktivt i etableringa av den nye eininga Arbeid og Helse
  • Vere prosjektleiar for utviklingsprosjektet i avdelinga. Sikre etablering og framdrift av prosjektet og tilhøyrande prosjektgruppe.
  • Gjennomføre prosjektplan for utvikling av avdelinga Arbeid og Helse
  • Halde styringsgruppa løpande oppdatert på status i prosjektet, rapportere ved slutten av kvar prosjektperiode og sikre at styringsgruppa kan ta nødvendige avgjerder
  • Sørge for medverking gjennom involvering av medarbeidarar og leiarar, tillitsvalte og verneombod
  • Sikre at alle interessentar, både interne og eksterne, er oppdaterte på status i prosjektet
  • Sikre god involvering av ulike brukargrupper i utviklingsprosjektet
  • Etablere samarbeidsavtaler og samarbeidsrutinar der det er aktuelt i prosjektet
  • Systematisere kommunikasjonslinjer med samarbeidspartar i prosjektet
  • Marknadsføre prosjektet
  • Bistå med å planlegge, koordinere og gjennomføre forbetrings- utviklingsarbeid i eininga
  • Være pådrivar for Lean og sikre at nye løysingar som vert utvikla er i samsvar med prinsippa for Lean
  • Støtte innføring av nye arbeidsmetodar og arbeidsverktøy

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning på minimum bachelornivå. Aktuelle utdanningar kan til dømes vere helse- og sosialfagleg, samfunnsfagleg eller pedagogisk utdanning. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
  • Kompetanse i systematisk og målretta prosjektarbeid
  • Dokumentert erfaring frå å leie eller delta i utviklings- og endringsprosessar og/eller prosjekt
  • God digital kompetanse
  • Gode formidlingsevner, munnleg og skriftleg
  • Kompetanse innan Lean
  • Du må ha kunnskap og kjennskap om NAV som organisasjon

Vi ser etter deg som

  • Arbeider målretta og strukturert
  • Er ein lagspelar som medverkar til gode resultat
  • Trivst med å formidle for små og store forsamlingar
  • Er dyktig til å koordinere og har gode samarbeidsevner
  • Er god på møteleiing, er fagleg trygg og har god evne til sjølvstendig arbeid

Vi tilbyr

  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
  • Fleksibel arbeidstid
  • Lønn som seniorrådgivar i stilingskode 1364 med bruttolønn kr 667.700 – 745.000 pr. år (tilsvarande ltr. 68 - 74). For særs kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast
  • God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå lønna blir det trekt 2%)

Kontaktinformasjon

Thorleif Nesse, 406 06 621, thorleif.oivind.madsen.nesse@nav.no

Arbeidsstad

C. Sundts gate

Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: NAV



Referansenr.: 4797132511

Stillingsprosent: 50%

Engasjement

Startdato: 01.08.2024

Sluttdato: 31.12.2024

Søknadsfrist: 03.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
C. Sundts gate, 5004 Bergen
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Prosjektledelse, Ledelse
FINN-kode
349299052
Sist endret
22. apr. 2024 10:48